UKM: Fylkesmønstring 2015

Bilete av 1MKA.
1MKA gler seg til å delta på fylkesmønstringa. Foto: Jostein Vedvik

18. til 19. april brakar det laust i Førdehuset når ungdom frå heile fylket skal delta på UKM Fylkesmønstring. Ungdommane får høve til å vise seg fram innan ulike kunst- og kulturuttrykk. 

Om lag 240 ungdommar frå Sogn og Fjordane skal delta på fylkesmønstringa. Målet er å ha det gøy, lære nye ting og møte andre som likar eller ikkje likar det same som ein sjølv. UKM er eit sosialt arrangement der deltakarane kan vere i Førdehuset heile helga.

Førde kommune er teknisk arrangør på vegner av Sogn og Fjordane fylkeskommunen. Dei lovar eit variert program med utstilling og framsyningar for publikum, og mellom anna ulike workshop for deltakarane.

UKM 30 år

I 2015 feirar UKM 30 år. Sogn og Fjordane har vore med sidan starten, og jubileet vert markert under fylkesmønstringa, fortel Bengtsson.

-Det vert opning ved leiar av hovudutval for kultur Nils Gjerland, og kanskje nokre overraskingar undervegs i framsyningane, så følg med, oppmodar han.

Inngangsbillett per framsyning er 50 kr for barn og 100 kr for vaksne. Festivalpasset, som inkluderer fire framsyningar, kostar 125 kr for barn og 250 kr for vaksne. Utstillinga er gratis.

Deltar med arbeid innan media

I år har førsteklassen på Medium og kommunikasjon ved Hafstad vidaregåande skule fått sjansen til både å arbeide og delta på fylkesmønstringa. Det er noko som ikkje har blitt gjort før av medielina i Sunnfjord. Medieklassen skal fotografere alle framsyningar på scena i Førdehuset og kunstutstillinga, i tillegg til andre aktivitetar kring UKM. I tillegg skal klassen drive med informasjonsarbeid.

Klassen ser på dette som ein moglegheit for å utvikle ferdigheitene sine innan mediearbeid. I tillegg meiner elevane det er positivt at slikt arbeid blir gjort av ungdom, ettersom mønstringa er for nettopp ungdom.

Foto: 1MKA gler seg til å delta på fylkesmønstringa. F.v: Julie Herstad Øvrelid, Robert Indrebø, Brede Kvist, Grete Roska, Håvard Aasen Andersen, Trine Solsvik, Mathilde Hasti Leversund, Hanna Eide, Maria Høydal. Elles i klassen: Sigrunn Mehl, Mats Hallstensen, Tiril Skau Espeseth og Kristin Leirvåg. Foto: Jostein Vedvik

Meir informasjon:

  • Johan Bengtsson, Kulturleiar i Førde kommune, mobil 971 21 400
  • Eva Kristin Svidal, rådgjevar kulturavdelinga Sogn og Fjordane fylkeskommune, e-post Eva.Kristin.Svidal@sfj.no, mobil: 911 696 93




Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.