Den norske grunnlovsdagen 17. mai

Bilete av 17. mai-feiring i Stongfjorden ca 1910. Fotograf er Paul Stang
Bilete av 17. mai-feiring i Stongfjorden ca 1910. Fotograf er Paul Stang

Er du klar for den store dagen i morgon? Grunnlovsdagen blir feira til minne om den norske grunnlova, som blei underskriven på Eidsvoll den 17. mai 1814.I år feirar vi i tillegg grunnlova sitt 200-årsjubileum. Her kan du lese litt om kva som faktisk skjedde 17. mai i 1814.

Frå 10. april til 20 mai var ei gruppe på 112 valde representantar samla på Eidsvoll for å utforme grunnlova. Denne samlinga vert kalla Riksforsamlinga. Etter dagar med tøffe forhandlingar og diskusjonar var eit utkast til grunnlova klar 2. mai. Dette utkastet vart lagt fram av dei 15 medlemmane i konstitusjonskomiteen leda av Chrsitian Magnus Falsen. 4. til 11. mai jobba heile Riksforsamlinga seg gjennom dei 115 paragrafane og vedtok grunnlova.

Vi feirar grunnlovsdagen den 17. mai, men grunnlova vart vedtatt dagen før, den 16. mai. Men den vart datert og signert 17. mai. Men den viktigaste hendinga for representantane denne dagen var kongevalet.

Eit av stridspunkta på Riksforsamling var kongen sin posisjon, men 17. mai stilte alle representantane i galla for å velje ein konge til den sjølverklærte norske staten. Representanten Ole Elias Holck frå Lavik i Sogn og Fjordane, skreiv i dagboka si den 16. mai: "Imorgen skrides da til den for vort Fædreland saa vigtige Sag, Kongevalget." (1)

Regentent, prins Christian Fredrik vart vald til konge. Dette valet var formelt sett einstemmig, men ein ser i protokollen at det var 16 av representantane som hadde innvendingar. 

Andre saker som Riksforsamlinga måtte ta seg av 17. mai 1814 var ei liste med saker til det første Stortinget, samt eit fråsegn om ønskjer om fred og godt naboskap med Sverige.

Kjelder

 

1) Representant frå det Bergenhusiske regiment, Ole Elias Holck frå Lavik i Sogn og Fjordane, skreiv dagbok der han skildra store og små hendingar på Eidsvoll i 1814. Denne kan ein lese på www.fylkesarkiv.no/dagbok1814, eller du kan følgje dagboka på Facebook.

Foto: Bilete av 17. mai-feiring i Stongfjorden ca 1910. Fotograf er Paul Stang

 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.