Skulen min

Skifjord skule. Foto Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune (cc-by-sa)
Skifjord skule.

Skulen har spelt ei sentral rolle i lokalsamfunnet og alle har eit forhold til skulen. Prosjektet "Skulen min" tek sikte på å presentere skulehistoria i fylket gjennom ein digital skuleportal, der publikum kan hente ut og samstille informasjon frå ulike databasar. 

Fylkesarkivet og kulturavdelinga i fylkeskommunen er godt i gang med å kartleggje skulehistoria til pilotkommunen Hyllestad. 

Besøk i Hyllestad

Annette Langedal Holme frå Fylkesarkivet intervjuar Kåre Djupevik. Foto Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune (cc-by-sa)

I slutten av januar var to tilsette i prosjektet i Hyllestad i tre dagar, for å høyre kva innbyggjarane kunne fortelje, og ikkje minst for å få oversikt over grendene i kommunen. Hyllestad var og er ein kommune med spreidd busetnad, som på det meste hadde over 20 skulekrinsar. Slikt krev hjelp frå lokale ressursar. Folk tok godt i mot oss og møtte villige opp for å fortelje om sine eigne erfaringar frå skuletida, og anna som kunne vere interessant. Det er historiene til desse bidragsytarane som gir prosjektet kjøt på beina. I løpet av tre dagar fekk vi sjå nærare på skulekrinsane Skifjord, Øen, Vassenden, Kolgrov, Leirvik og Brennsdal.  Det står framleis igjen fleire krinsar, men denne turen gav oss mykje å arbeide vidare med.  

Webløysing

Arbeidet med den digitale skuleportalen er godt i gang. Avinet held på å lage ei webløysing som tek sikte på å hente ut informasjon frå ulike databasar, blant anna LokalhistorieWiki, Digitalt fortalt, Digitalt museum, Arkivportalen og databasane til Fylkesarkivet. Den digitale portalen skal ha eit responsivt design som betyr at den skal fungere både på mobil, nettbrett og datamaskin.

Vegen vidare

Neste kommune skuleprosjektet skal vitje er Stryn. Her skal vi mellom anna samarbeide med Statens Vegvesen. Vi ser at vi kan samkøyre arbeidet deira med å kartlegge den gamle postvegen med vårt arbeid med å kartlegge skulekretsar og skulevegar. Etter kvart skal prosjektet rundt om i heile fylket. 

På kulturkonferansen som skal arrangerast i Førde 1. og 2. april skal vi presentere skuleprosjektet som eit døme på korleis ein kan bruke originalkjelder og korleis desse kan gi liv til lokalhistoriske prosjekt. Meir informasjon og lenke til påmelding kjem snart på www.sfj.no.

Meir informasjon:

Les meir om skuleprosjektet på LokalhistorieWiki.

Les meir på Fylkesarkivet sine sider: 

Emneord: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.