Verdas beste nynorskblogg

Skjermdump av bloggen Utetid frå 20/2/2015
Skjermdump av bloggen Utetid frå 20/2/2015

Kulturnett Sogn og Fjordane gratulerer Ingebjørg Nondal frå Odda som står bak det som har vorte kåra til verdas beste nynorskblogg. Bloggen heiter "Utetid" og ein inspirasjonsblogg med fokus på lavterskelfriluftsliv og kvardagsturar med barn. 

Bloggen "Utetid" vart paradoksalt nok til fordi Ingebjørg Nondal syns familien brukte for mykje tid framfor skjermen. I 2014 hadde familien som mål om å kome seg på 100 turar i lag, og turane vart dokumentert på bloggen. Det å dokumentere og telje turane på nett skulle vere både motiverande og forpliktande for familien, men har også vist seg å vere ei svært populær kjelde til inspirasjon for andre barnefamiliar. 

Verdas beste

Kvar veke gjennom 2014 har Framtida.no, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom presenter ein nynorsk blogg. I januar 2015 vart12 av desse plukka ut som finalistar og publikum har fått høve til å røyste på sin favoritten. I kåringa har publikum sinne stemmer telt 60 prosent, medan juryen sine stemmer har telt 40 prosent.

Det store spennet i innhald og form har gjort det vanskeleg å velje ein vinnar, men juryen har vald å leggje vekt på vilje: Vinnaren har vist vilje til å definere kva bloggen skal handle om, gjennomføre den planen og det på ein måte som gjer han interessant for mange. Nondal hadde eit tydeleg mål med bloggen sin og har utvikla ein inspirerande, ryddig og innhaldsrik blogg på relativt kort tid. Det løftar bloggen at Nondal skriv personleg, ærleg og engasjert.

Familien har eit mål om 100 turar også i 2015 og er ambassadør for Friluftslivets år 2015, så følg med på bloggen Utetid for meir turinspirasjon. 

Lenker til bakgrunnsstoff:

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.