Kjelda på Issuu

Visste du at det no er mogeleg å lese, laste ned og dele gamle utgåver av magasinet Kjelda i Issuu? 

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane gjer ut bladet Kjelda som kjem med 3 nummer kvart år. Dette er det einaste fylkesdekkjande bladet for historie, arkiv og kjelder i Sogn og Fjordane. For kr 195,- per år får du dei tre eksemplarar tilsendt i posten (tinging per epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no), men om du er på jakt etter eldre utgåver kan du no søke fram desse i det nettbaserte publiseringsverktyet Issuu.

Issuu inneheld over 15 millionar dokument i form av tidsskrift, bøker og aviser. Tenesta vart utvikla for å betre lesaropplevinga på skjerm. Issuu har funksjonalitet som på ein enkel måte gjer det mogeleg å bla og søke i publiserte dokument. Tenesta er dessutan plattformuavhengig. Fylkesarkivet har publisert alle eksemplar av Kjelda frå fyrste årgang i 1992 til og med 2011.

Sjå Fylkesarkivet si samling av publikasjonar på Issuu.

 

 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.