Kulturhistorisk løype i Solvorn

Kart over kulturhistorisk løype i Solvorn
Kart over kulturhistorisk løype i Solvorn

Solvorn er ei lita fjordbygd ved Sognefjorden. Den ligg i Luster kommune, på vestsida av fjordarmen Lustrafjorden. I den tida fjorden var den viktigaste ferdselsåren var Solvorn eit knutepunkt for handel, offentleg verksemd og turisme. Om ein går ein tur rundt om i Solvorn kjem ein forbi mange spennande kulturminne som rommar mykje historie. Denne Kulturhistoriske løypa eg ein vegvisar til ein del av denne kulturhistoria. Kjelde: Arne Kvalen 

 

1. Solvorn kyrkje

Fyrste gong ei kyrkje i Solvorn vert nemnd i kjeldene er i 1325. Kyrkja stod opphavleg eit lite stykke unna dagens kyrkje, der vi i dag finn ein gravplass. I ca 1600 vart det bygd ei lafta tømmerkyrkje som stod fram til 1883. Då denne kyrkja vart riven og erstatta av dagens kyrkje vart delar av tømmeret brukt i fjøsen på Gjestgjevargarden på Walaker. Ein kan i dag sjå deler av bjelkar med mønster og dekor i bygningen som i dag er Galleri Walaker.

Det var behov for ei større kyrkje sidan Urnes sokn vart lagt ned og slått saman med Solvorn. Solvorn kyrkje vart vigsla i 1883 og er i dag ei langkyrkje i tre med om lag 300 sitjeplassar. Kyrkja er den største av dei 12 kyrkjene i Luster. Arkitekten som teikna kyrkja var Waldemar Hansteen.

2. Landskap i Luster - ei kunstreise

Rundreisa «Landskap i Luster» byr på ein ny måte å oppleve kunst i naturen. Ved kyrkja i Solvorn finn du ein av totalt 12 punkt på rundreisa gjennom kommunen. Her kan ein sjå eit måleri av Knud Baade frå 1843 presentert i same landskapsrom som kunstnaren teikna sine skisser. Spelet mellom måleriet og dagens situasjon formidlar tydelege endringar: Brear trekk seg attende, gardsbruk leggjast ned, vegetasjon veks eller bygder veks.

Knud Baade var son av ein sorenskrivar og budde i Solvorn ei tid. Les meir om Baade i Norsk Biografisk Leksikon eller Alkunne.

For å delta i "Landskap i Luster" sin quiz kan ein laste ned mobilappen "Landskap i Luster" eller ein kan få utdelt eit hefte på turistinformasjonen eller hjå reiselivsverksemder. 

3. Gravplassen

Gravplassen ligg eit lite stykke unna kyrkja. Her finn ein blant anna gravene etter Munthe-familien som heldt til på Kroken på andre sida av fjorden, og ein jernkross til minne om eidsvollsmann og sorenskrivar Johannes Irgens

4. Den gamle skulen

I 1896 gjorde Hafslo heradstyre vedtak om å bygge nytt skulehus i Solvorn. Byggmeisteren var Birger Austbø og prisen var på 7850 kroner. Skulen som låg på Langekra var ferdig og klar til bruk i 1910/11. Det var mellom 60 og 70 skulepliktige born i krinsen.  Skulen var den naturlege samlingsstaden i bygda og vart hyppig brukt også utanom skuletida. Skulen var i bruk fram til 1982. 
Den gamle skulen vart riven våren 1996, men det står eit informasjonsskilt der skulehuset låg.

Handelsstaden Solvorn

Solvorn var ei viktig bygd på grunn av fjorden si rolle som transportåre. Dette er tydeleg når ein ser i kjeldene at Solvorn sidan midten av 1600-talet har hatt to eller tre handelsmenn. Fleire kom frå Bergen for å drive handel og utlån av pengar. På det meste var det fem butikkar og to bakarar i den vesle bygda. På denne turen vil ein passere nokre av dei kjende verksemdene.

Frå handelsgata går det fleire stiar eller "geiler" mellom dei gamle strandsitjarstovene og ned til nausta og sjøbuene. Dette er vegane frå gamalt, og her kan alle ferdast. Det er viktig at folk brukar desse gamle geilane slik at dei ikkje gror igjen. 

  • Høyr Arne Kvalen snakke om Solvorn som kommunikasjonsknutepunkt: "Alle som skulle noko måtte til Solvorn" (lydspor ca 3 minutt)  

5. Bjørga-bui

I det kvadratiske kvite huset som ligg der som gamlevegen svingar inn og hovudgata tek til dreiv Sjur Olsen Thune og sonen Sigurd Thune bakeri og landhandel frå 1900. Verksemda starta opp med bakeri i eit hus som ikkje lenger eksisterer og som opphavleg var våningshuset på garden Sjøthun. Då stortingsmann Fraas flytta gardstunet sitt lenger opp i bygda kjøpte Bjørga-Sjur dette bygget. Det var sonen Sigurd som bygde det nye huset då han tok over drifta i 1933. Han dreiv bakeriet fram til 1969 og butikken fram til 1978.

Sjur Olsen kom frå Bjørgheim lenger inne i gata og vart kalla Bjørga-sjur. Dette er grunnen til at butikken vart kalla Bjørga-bui. 

6. Brita-bui

Brita Øvrebø starta med butikk 20. mars 1915 i bustadhuset sitt. Der dreiv ho til 1927 då ho kunne flytta butikken over i nytt bygg ved sidan av stovehuset. Brita gifta seg med Anton Kvalen og saman dreiv dei butikk fram til 1949. Sidan tok sonen Ingolf over og dreiv fram til 1999 då den nye Solvorn-bui vart opna og tok over.

7. Pittervinden

I dette okerfarga huset budde Pitter-Peter eller Peter Petterson. Far hans heitte Peter men vart kalla Pitter, sonen vart difor kalla Pitter-Peter. Han hadde ein slåtteteig lenger inn fjorden, mot Marifjæra, og var alltid så treg når han skulle heim om kvelden. Frå 4/5 til 8/9 kjem ein bris ned frå fjella og ut fjorden. Pitter-Peter med høybåra greidde så vidt å slite seg rundt neset. Kveldsvinden vert difor kalla pitter-vinden. (ca15.30)

8. Hotell Walaker

Walaker er det eldste hotellet i Noreg som har vore i kontinuerleg drift og er framleis svært populært. Vollåker (seinare Walaker) var gjestgjevargard allereie i 1640, og når Christen Nitter flytta til Solvorn i 1690 tok han over handelsstaden på Vollåker. Den fyrste tida leigde Nitter husa på vetle Vollåker. Då eigaren døydde i 1696, kjøpte han dei. Saman med kona Birgitte dreiv Christen både som handelsmann og krohaldar, noko som var starten på Walaker hotell si lange historie. Dei fekk sju barn, og den yngste sonen, Ludvig, overtok drifta. Etter dette har Walaker hotell gått i arv, og i dag er det 8. og 9. generasjon av slekta Nitter som eig og driv hotellet.

Hotellet sin hovudbygning er frå ca. 1650 og den innejavascript:mctmp(0);held salongar, kjøkken og spisesal i første etasje, og sju gjesterom i andre etasje. I tillegg er det fire rom i «tingstova» som også stammar frå midten av 1600-talet. Her er første etasje restaurert som rettslokale for å vise den opphavlege funksjonen frå tida då Solvorn var tingstad. Det moderne motellbygget vart bygd i 1964.

Ved trehundreårsjubileet i 1990 vart den gamle fjøs- og låvebygningen restaurert. Deler av denne fjøsen er bygd av materialar kjøpt på auksjon frå den gamle kyrkja i Solvorn som vart riven i 1883. Denne vert kalla Galleri Walaker 300 og husar kunstutstillingar og seminar.

9. Badestrand

Rett ved Walaker hotell og den gamle dampskipskaien ligg ei fin kommunal badestrand som alle kan bruke fritt.

10. Dampskipskai

10. Fylkesbaatane starta rutene sine på Lustrafjorden i 1858. Familien Walaker stilte bryggja si til disposisjon for allmugen, på vilkår av at heradet heldt bryggja vedlike. Solvorn var ein av dei fyrste stadene som hadde dampskipskai.

I tida då dampskipa dominerte ferdsla på Sognefjorden var Solvorn ein av dei største stoppestadene i Sogn og den største ved Lustrafjorden. Erik Walaker vart dampskipsekspeditør og postopnar her i 1880-åra og vart etterfølgd av sonen Wilken og sonesonen Erik. Walaker-familien styrte kaien til Solvorn vart avvikla som stoppestad i 1964.

I 1963 opna den nye ferjekai med ruter frå Kroken via Ornes og Solvorn til Årdal.

Foto: Luster kommune ca 1900, ukjend fotograf.

Bilettekst: Vetle-Vollåker - Gjestgjevargarden - på byrjinga av 1900-talet. Frå venstre ser me tingstova, våningshuset og krambua. I framgrunnen dampskipskaien med ekspedisjonsbua. - På Solvorn-bryggja møter så mange glade små! - Det vart ofte trongt på kaien då dampen kom og skulle lossa og lasta, for alle skulle dit å sjå på. Krøterfrakt var vanleg på denne tida og Solvorn hadde ei kvote på femten storfe, men det hende dei fekk sendt fleire.

11. Tettstadutvikling, utsikt frå ein benk på kaien

Frå benkar på kaien kan ein sjå utover fjorden mot Urnes og utover stranda mot Sorenskrivargarden. Når ein ser på stranda frå denne vinkelen er det veldig lett å sjå korleis Solvorn har utvikla seg som tettstad - med ei rekke med sjøbuer, ei rekke med naust, strandsitjarstovene og ei hovudgate som går parallelt med stranda. Dei med betre råd bygde hus litt lenger bak. Arkeologar meiner dette er slik tettstaden i Bjørgvin såg ut før den vaks seg til ein by i mellomalderen. Det same er tilfelle i mange andre mellomalderbyar.

Nokre av sjøbuene og dei eldste stovene stammar frå 1700-talet.

  • Høyr Arne Kvalen fortelje om tettstadutviklinga i Solvorn: 

12. Strandsitjarmiljøet

Ein strandsitjar var ein husmann utan jord, og i Solvorn slo dei seg ned i små, enkle husvære med to eller tre rom på det som var ein allmenning ned mot sjøen.  Mange hadde òg eit lite stabbur og små uthus med rom for nokre husdyr og litt fôr. Det var ofte så mange som 10 personar i kvar stove. I mange tilfelle var det slik at den eldste var flytta ut når den yngste vart født.

Kor tett det var høve til å byggja veit vi ikkje, men frå Vikøyri er kjent ein regel om at avstanden minst måtte væra eit hammarslag. Noko liknande kan ha vore tilfelle i Solvorn. Sjølv om det var trongt mellom husa, var det likevel eit viktig prinsipp om allmenn ferdsle langs geilar og gangstiar. Dette var mellom anna for å sikre lett tilkomst til sjøen. Desse geilane og gangstiane er framleis meint for fri ferdsle og besøkjande vert oppmoda til å bruke desse slik at dei ikkje gror igjen.

I den lange naustrekkja låg nausta til fleire Hafslo-gardar jamsides med strandsitjarane sine. Strandsitjarane dreiv med litt handel, nokre var handverkarar og andre hadde fiske som leveveg. Frå dette miljøet kom det fleire handverkarar som flytta til andre bygder i Sogn, i mange familiar gjekk handverket i arv. Husa her var tidlegare lafta, men har i dag panelvegger. Mange av bygningane er freda og vert sett på som interessante kulturminne.

Gjestgjevaren, handelsmennene, presten og seinare sorenskrivaren budde i utkanten av strandstaden. 

I 1875 vart ein av dei største gardane i Solvorn - Vollåker store - seld på auksjon, og mange av strandsitjarane fekk på den måten kjøpt seg ein liten jordteig eller hage. Den vart delt opp i små parsellar - frå 1 til 4 mål. Det vart enklare å halde husdyr.

Høyr Arne Kvalen fortelje om strandsitjarane i Solvorn: 

13. Båtbyggarverkstad

Det var svært viktig å kunne ta seg fram på fjorden frå Solvorn, og tidlegare var det to båtbyggjarar i bygda. Det kvite bygget mot kaien var båtverkstad for robåtar, og var opphavleg innreidd med rom i andre etasje. No har huset vorte bygd om og fungerer som sommarhus.

14. Naust

Fleire av nausta stammar frå 1700-talet. Frå gamalt hadde folk både på Hafslo og på Mollandsmarki nausta sine i Solvorn. Naustet til garden Sie står framleis. Det var gangsti ned til fjorden der dei som budde på Mollandsmarki hadde robåtane sine, men nausta sine hadde dei i Solvorn.

15. Tobakksdyrking

I perioden 1880 til 1910 var det utstrakt tobakksdyrking i Solvorn, og ein særskild bygningstype frå denne tida er tobakkshusa. Det var på det meste minst 7 tobakkshus for tørking av tobakk, og eit av to som står igjen i dag er tobakkshuset til Samuel Moe.

Mange Lustringar utvandra til Amerika, men fleire kom òg attende. Nokre hadde hatt arbeid på tobakksfarmar i midtvesten, andre i tobakksindustrien og etter heimkomsten tok dei til med tobakksdyrking. For å turka tobakken vart det sett opp eigne bygningar som var bygde for å gi god lufting. I 1902 forsøkte ein Bertelsen å starte sigarfabrikk i Solvorn og dreiv den med arbeidshjelp frå Bergen. Men fabrikken vart nedlagd allereie i 1903.

16. Sjøbuer

Okergult og husmannsraudt var to vanlege fargar, og oker var mykje brukt i Solvorn, sannsynlegvis fordi det var billig.  Ved sjøbuene finn ein fleire gamle båtstøre i fjorden, og desse er det ikkje lov å fjerne eller endre.

Ei av dei eldste sjøbuene som står igjen er tydeleg delt i tre, og denne har hatt tre ulike eigarar. Den vert kalla Kvitabui, så den var mest sannsynleg måla kvit ein gong. Deler av sjøbua vart i si tid brukt som fjøs, og då vart møkka sendt rett i fjorden gjennom hol i golvet. 

17. Vetlekaien

Vetlekaien har i lang tid vore viktig for ferdsla til og frå Solvorn. Det er mest lokale båtar og båtruter som har nytta kaien, men den vart også brukt av det privateigde dampskipet  "Jotunheimen" som konkurrerte med Fylkesbaatane på ruta Bergen-Sogn i 1890 og 1891. På somme stoppestader medførde konkurransen at det vart nytta to kaier. Fram til slutten av 1800-talet starta fylkesvegen til Hafslo starta frå Vetlekaien.

Kaien har hatt fleire namn. "Samuelkaien" etter handelsmann Samuel Moe som eigde kaien på eit tidspunkt, "Jotunheimens brygge" etter dampskipet og "Ådnekaien" etter lastebåtar som nytta kaien.

Vetlekaien har sidan 1972 vore i kommunal eige.  I 2004/2005 vart kaien restaurert og det vart lagt til rette for meir bruk med bord, benkar og stige ned i fjorden. Dette er ein fin plass for ein rast eller eit bad. For besøkjande med båt er det både straum og vatn på kaien. Nøkkel til straumuttak får ein på Solvornbui eller hjå Steinar Thune (tlf 971 59 668) for kr 50 per døgn.

18. Bestemorsstova

Denne gamle stova er 330 år gamal og sannsynlegvis det eldste av strandsitjarhusa i Solvorn. Stova har tre rom i første etasje samt loft. Huset har ikkje vorte endra mykje. Det er Arne Kvalen og Anne Helen Strandabø som eig stova i dag, og Arne si slekt har budd her sidan 1953. På det meste var det ni personar som budde her. Huset har ikkje hatt fastbuande sidan 1979. 

19. Strandsitjarfjøs

Dette er ein fjøs etter familien til Samuel Moe. Det er den einaste strandsitjarfjøsen som er igjen i Solvorn. Opphavleg høyrde den til Madam Hillestad. Plass til eit par geiter og kanskje ein gris eller ei kyr. Bygget stammar frå 1700-talet.

Samuel Moe var handelsmann og dreiv frå 1882 ein landhandel i Solvorn. Denne låg mellom denne fjøsen og hovudgata. Samuel Moe Han dreiv til 1938, då sonen Magnus Moe overtok. Forretninga tok også imot landbruksprodukt for vidaresal, og hadde ei tid radioforretning. I 1946 slo Moe butikken sin saman med butikken til Brita Øvrebø. Her dreiv sonen til Brita, Ingolf Kvalen, fram han la ned i 2000.

20. Sorenskrivargarden

Frå stranda her nede kan ein sjå hovudhuset og hagen som høyrer til sorenskrivargarden.

Sorenskrivargarden i Solvorn er eitt av dei største herskapshusa i Sogn. I 1813 kjøpte sorenskrivar og Eidsvolls-mann Lars Johannes Irgens den gamle handelsplassen Sanden, også kalla Lemvig-garden. Kring 1820 stod den staselege skrivargarden ferdig. Han kalla den Christianelyst etter kona si - Christiane Louise Smith. Irgens er heidra med ein minnekross i jern på kyrkjegarden i Solvorn.

Det er fem bygningar på garden, og hovudbygningen i empire-stil er på to etasjar og har over 20 rom.

Sorenskrivaren i indre Sogn heldt til i Solvorn i over 150 år til sorenskrivarembetet vart flytta til Sogndal i 1966. Det har vore åtte sorenskrivarar i Solvorn, og dei tok seg mellom anna av rettssaker, skiftesaker og tinglysingssaker. 

Sorenskrivargarden er i dag i privat eige. Fylkeslege Rolf Hegbom og kona Torbjørg kjøpte eigedomen I 1968. Dei har gjennomført ei stor restaurering av det gamle herskapshuset.

21. Avstikkar: tur langs fjorden til Nyre. Sognefjordsvegen.

Om ein går forbi sorenskrivargarden og til enden av vegen, kan ein følgje ein sti til langs fjorden til dei veglause slåtteteigane på  Nyre. Med unntak av ein bratt bakke etter ca 200 meter (Kleivabakken), går stien i lett terreng langs fjorden med fine viker og svaberg.  Turen gir flott utsyn inn heile Lustrafjorden til Skjolden.

Gangstien har vore brukt i mange generasjonar til buføring av husdyr til utmarka og slåtteteigane langs fjorden. Den første vika vert kalla "Hamnen" og har fungert som hamn og ankringsplass sidan 1800-talet. I området rundt Hamnen har det vore i alt 8 husmannsplassar.

Den neste vika ein kjem til vert kalla Mosaviki, og her stod fram til 1970-talet eit vassdrive sagbruk og ei kvern. Det var to husmannsplassar og frukthage i Mosaviki. Neset som stikk ut etter Mosaviki heiter Artnes, og her har ein funne restar etter ei gravrøys. Her har også vore notturke for brislingnot. Mellom Astnes og den neste vika, Djupeviki, finn ein restar etter Solvorn skyttarlag si eldste skytebane.

Den merka stien endar opp på Nyre. Her er slåtteteigar som var i bruk fram til 1960-talet. Vidare utover langs fjorden og oppover i marka er ei rekke gamle slåtteteigar. Desse var svært viktige for småbruka i Solvorn.

Turen er på 1,5 km kvar veg og heile turen tek ein til to timar.

22. Telegafen

I dette huset var telegrafen i Solvorn. 

23. Minnesteinen "kjøttbogen"

Denne steinen vart reist i 1693 for å minnast eit svært vanskeleg år. Familiane måtte mellom anna slakte husdyra for å overleve då det ikkje var annan måte å skaffe mat på.

24. Villastrøket

Dei gamle villabygningane i sveitsarstil markerer ytterkanten av verneområdet i Solvorn. Dei vart bygde av personar som dreiv verksemder og tente gode pengar i Solvorn, som til dømes landhandlar Samuel Moe.

25. Leikeplass og klatrejungel

Ved skulen og kyrkja ligg ein leikeplass med klatrejungel og fotballbane. Denne er bygd med finansiering frå fjordstiprosjektet, og er open og tilgjengeleg for alle.

26. Minnestein om ufredsåra 1807-1814 ved skulen

Denne steinen vart reist i jubileumsåret 1914 for å minnast soldatar som kjempa i krigen mot Sverige i 1807-1814. Steinen stod opphavleg ved det gamle skulehuset lenger nede i bygda, men vart flytta då området her vart regulert til bustadføremål og skulen riven. Etter nokre år med lagring vart steinen reist ved kyrkja og den nye skulen sommaren 2001.

Vi veit lite om historia til Solvorn-steinen, men folk meiner det var ungdomslaget som reiste han, noko som passar med delar av innskrifta: "REIST AV UNGDOM". Men dei eldste lagsbøkene til ungdomslaget er bortkomne, og difor kan vi ikkje vere sikre på dette.

Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.