Kulturhistorisk leksikon

"Kamp om vegmidlane i indre Nordfjord", Kulturhistorisk leksikon

"Kamp om vegmidlane i indre Nordfjord", "Den keltiske steinkrossen i Eivindvik" og "Det store hamskiftet i Stongfjorden" - dette er ikkje nyhendesaker, men artiklar i Kulturhistorisk leksikon. Det er viktig å kjenne fortida når skal forstå og påverke notida - søk fram artiklar om tema som du interesserer deg for.

Kulturhistorisk leksikon er eit digitalt leksikon med over 1700 artiklar frå Sogn og Fjordane. Her kan ein blant anna finne artiklar om materielle og imaterielle kulturminne, historiske hendingar, arkivsaker og personar. Det er Fylkesarkivet i Sogn og FJordane som står bak tenestar, men forfattarar med ulik bakgrunn har bidrege. Kvar artikkel freistar å gje eit oversyn over det aktuelle emnet ved hjelp av tekst, foto og kjeldereferansar.

Dømeartiklane:

"Kamp om vegmidlane i indre Nordfjord"

Mot slutten av 1800-talet var det ein intens dragkamp mellom dei tre kommunane Stryn, Eid og Hornindal om vegmidlane. Eid ville ha veg til Stryn, Stryn ville ha samanhengjande veg til Oppland, og Hornindal ville ha vegen mellom Eid og Stryn, men lagt på nordsida av Hornindalsvatnet.

Les meir... 

"Den keltiske steinkrossen i Eivindvik"

To steinkrossar i Eivindvik har truleg opplevd både Gulatinget og innføringa av kristendommen. Den eine av krossane har rette, enkle former og står ved porten til kyrkjegarden.

I alt 54 av 60 steinkrossar i Noreg står på Vestlandet, og mellom desse hamnar den enkle krossen ved kyrkjegardsporten i Eivindvik i ei lita gruppe kalla "norsk-keltiske". Tradisjonen med å sette opp steinkrossar kom frå dei britiske øyane. Den keltiske krossforma kan tyde på eit kyrkje- eller misjonssamband med den keltiske delen av dei britiske øyane, - t.d. Wales, øya Man og Irland.

Krossane i Eivindvik er truleg sette opp i samband med kristninga av Noreg. Ei segn seier at Olav reiste krossane for å vigsle grunnen til gudsteneste, og at han baud folk å byggja ei kyrkje på staden. Ei anna segn går ut på at Olav skaut tre piler i ulike retningar frå tingstaden og sette opp ein kross der kvar pil landa. Steinkross-granskaren Fridtjov Birkeli (1906-1983) meiner det er sannsynleg at det var Olav Tryggvason som reiste krossane, før kyrkja i Eivindvik vart bygd.

Les meir...

"Det store hamskiftet i Stongfjorden"

Stongfjorden var ein av dei første industristadene her i fylket, med den første aluminiumsfabrikken i Skandinavia. 

Framveksten av industri i Stongfjorden tok til i 1897, då industripioneren konsul Peter Jebsen frå Bergen fekk vite om fossen og vassdraget her. Han fekk i stand kontrakt med grunneigarane om bortleige av elva samt rett til oppdemming av Stongsvatnet, og fekk bygd dam og kraftstasjon. Straumen gjekk dei første åra til to fabrikkar som produserte jod og torvkol. 

Men produksjonen av torvkol og jod synte seg ikkje lønsam, og vart stogga etter få år. I staden overtok BACO (British Aluminium Company), og bygde den første aluminiumsfabrikken i Skandinavia her. Utbygginga her skjedde parallelt med den i Vadheim, og desse bygdene var dei første eigentlege industristadene i fylket, tidlegare enn både Høyanger, Svelgen og Årdal. Tettstaden Stongfjorden hadde i 1930 faktisk større folketal enn Førde.

Les meir...  

Illustrasjonar:

#1: Vegarbeid ved Rognes langs Hornindalsvatnet, truleg i 1909. Frå venstre: Anders Vikøren, Rasmus Hole, Ukjend, Johan A.Nesbakk, Ukjend, Matias Nord, og oppsynsmann Bruland frå Sundfjord. I hatt og frakk til høgre står overingeniør Knud Knudsen, seinare vegsjef i fylket. Fotograf Isak I. Hellebust. Fotosamling Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

#2: Dette biletet er teikna etter fotografi og står i "Illustreret Nyhedsblad", 20.05.1886. Døypefonten til venstre for krossen vart flytta inn i kyrkja i 1905 og er framleis i bruk. Kjelde Eivindvik - før og no 

#3: Her ser vi fem av dei første skiftarbeidarane ved aluminiumsfabrikken i 1908. Får venstre Jakob Mjåseth, Konrad Yndestad, A. Skrede, Laurits Yndestad og den svenske smeden Johan Viktor Kilberg. Fotograf Paul Stang. Fotosamling: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.