Digital skulesekkatalog

DKS-katalog

Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane (DKS) gir elevar i skulen eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod. Ein heil katalog full av ulike kunstnarlege og kulturelle uttrykk viser på ein god måte korleis DKS forsøker å femne om alle elevar i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa. No kan du lese om tilboda, aktivitetane og artistane som vitjar skulane i 2013/14 i ein flott ny digital katalog.

 

Den kulturelle skulesekken er eit nasjonalt samarbeidsprosjekt mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet som skal bidra til at alle skuleelevar, både i grunnskulen og i den vidaregåande skulen, får møte og erfare profesjonell kunst og kultur i ulike former. Noko av det ein ønskjer at skulane skal få oppleve er:

  • Scenekunst
  • Visuell kunst
  • Musikk
  • Film
  • Litteratur
  • Kulturarv


Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane vert ordninga administrert av fylkeskommunen og informasjon finn ein på ei eiga nettside: skulesekken.no. I skuleåret 2013/14 kan skulane og elevane blant anna glede seg til teater og sirkus, blues og teikneseriekurs, orkester og film, musikal og improvisasjon, utstilling og dans, trommer og forteljingar. Ta kontakt med Øyvind Sunde Høstaker i kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune om det er noko du lurer på.

Den digitale katalogen:

 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.