Huset i Bygda inviterer til Kulturbyggkonferanse

Fjærland bygdehus
Fjærland bygdehus

I samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune skipar Huset i Bygda ein konferanse for deg som er aktiv og engasjert i eit organisasjonseigd kulturbygg i Sogn og Fjordane. Konferansen finn stad i Fjærland, laurdag 8. november.

Kulturbyggkonferansen er eit ledd i arbeidet med eit fylkesbasert nettverk der huseigarar kan møtast for å utveksle erfaringar og for å hauste kunnskap om aktivitet, drift og utvikling av dei lokale kulturbygga.

Drøymer de om nybygg, påbygg, modernisering, rehabilitering, universell utforming og enøk-tiltak i samfunnshuset, ungdomshuset, grendahuset, bygdehuset, lagshuset eller bedehuset? Treng de påfyll og inspirasjon om korleis skape motivasjon, samarbeid og utvikling i dykkar lokale kulturbygg? Lurer de på korleis de skal synleggjere bygget og aktivitetane på internett? Treng de tips og råd om søknader og korleis søkje støtte til dykkar lokale kulturbygg? Er de nysgjerrige på korleis andre bygg arbeider for å få til aktivitet og utvikling?

Ta turen til Fjærland 8. november og få fagleg input og informasjon, samt tips og idear som kan styrkje og utvikle kulturbygget dykkar. Konferansen er også ein god stad å etablere nettverk og utveksle erfaringar med andre menneske som er opptekne av same tema, nemleg det å utvikle drifta av det lokale kulturbygget der du bur.

Nokre av tema på konferansen:

  • Motivasjon og samarbeid i dei lokale kulturbygga
  • Spelemidlar for kulturbygg / Desentralisert tilskotsordning for lokale kulturbygg
  • Digital formidling og synleggjering av kulturbygga på nett
  • Sparebanken Vest og allmennyttige midlar
  • Suksesshistoria 2014 – Aldaheim

Program for konferansen finn du på husetibygda.no.

Velkomen til Kulturbyggkonferansen 2014 i Fjærland Bygdehus laurdag 08.11.14 kl 10.00.

Påmelding til husetibygda@ungdomslag.no eller  på telefon 974 03 699 innan laurdag 01.11.14.

Kontaktperson:

Ingunn Nyheim, Huset i bygda, tlf 97403699

 

Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.