Kulturhistorisk løype Sogndal

Sogndal prestegard. Foto Harald Groven/Wikimedia Commons, cc-by-sa

Dette er eit turforslag gjennom Sogndal sentrum med informasjon om kulturminne langs løypa. Løypa startar i denne skildringa i sentrumsparken i Sogndal, men det er så klart mogeleg å starte andre stader langs løypa. 

Sentrumsparken

Sentrumsparken i Sogndal er eit fint utgangspunkt for ei vandring gjennom delar av Sogndal si kulturhistorie. Parken er eit bindeledd mellom det gamle sentrum – Fjøra – og det nye handelssenteret. I parken finn ein leikeplass og fontener, samt Kafé Krydder med uteservering. Rett ved parken finn ein også bakeriutsalet til Lustrabui og ein Mix-kiosk som også sel mat.

Bygningen som husar Kafé Krydder og Galleri Krydder er frå slutten av 1800-talet og er bygd i sveitserstil. Huset vart kalla Bondevikhuset grunna dei tidlegare eigarane: Kjell-Magne Bondevik sine besteforeldre. I 2000 vart huset solgt til Sogndal kommune, og i 2009 vart det leigd ut til å drive galleri og kafé.

Sogndal har hatt svært stabile kommunegrenser sidan kommunen vart skipa i 1837. Den største endringa har vore overføringa av Fjærland frå Balestrand til Sogndal kommune i år 2000. Dette skjedde etter folkeavrøysting.  

Kommunehuset i Sogndal er ein kvit murbygning som ligg mellom sentrumsparken og riksveg 5 (Gravensteinsgata). Dette vart bygd i 1956 etter teikningar av arkitekten Solheimslid. Den nye bygningen erstatta eit gamalt skulehus som opphavleg stod på Kvåle og som vart flytt til sentrum i 1883 for å fungere som kommunehus.  

Kjelder:

Meieriet

Gå frå parken forbi fontenene og kommunehuset og følg parkvegen til endes. Når du svingar til høgre ned mot fjorden ser du studenthuset Meieriet som er lokalisert i dei gamle lokala til Sogndal Meieri. Sogndal Meieri vart skipa av lokale bønder i 1913 og var det største meieriet i fylket på den tida. Det var meieridrift i bygget fram til 1996.

Kjelder:

Rusebakken

Ta til høgre og følg Fjørevegen eit lite stykke. Ved kinarestauranten er det mogeleg å ta ein avstikkar ned mot fjorden. Denne vegen heiter Rusebakken og her gjekk gamlevegen langs fjorden inn forbi Hofslund mot Hafslo og Solvorn. Frå gamalt av danna garden Hofslund yttergrensa for strandsitjarstaden. Frå 1700-talet var det både tingstad og gjestgjevarverksemd her. Hofslund Fjord Hotel vart bygd i 1912 av Peder og Anna Næss. Dei bygde saman den gamle gjestgjevarstaden og tingstova og lagde fasaden i sveitserstil. Hotellet har sidan vorte drive vidare av familien Næss og seinare Sviggum.

Kjelder:

Gjest Baardsen

Tilbake på Fjørevegen kan du følgje denne vidare til krysset mellom Leirdal foto og Skjeldestad Libris. På høgre side kan du sjå ein steinskulptur av Gjest Baardsen, laga av Stig Eikaas. Gjest Baardsen var fødd i Sogndalsfjøra i 1791 og er kjend som meistertjuv og utbrytarkonge. Bårdsen sat mykje i fengsel, men klarde særs ofte å rømma. Han var og forfattar, og skreiv mellom anna si eiga livssoge.

Gjest Baardsen var son av ein strandsitjar og fiskar med røter i Svedalen lengst framme i Sogndalsdalen. Han vaks opp i det gamle strandsitjarmiljøet som vi no er på veg inn i.

Kjelder:

Dampskipskaien

Kryss vegen frå Gjest Baardsen-statuen og følg Bryggjegota ned til kaien.

Sogndalsfjøra var stoppestad for Fylkesbaatane heilt frå starten. Dei første skipa til Fylkesbaatane var på fjorden i 1858. Den første damskipsekspeditøren var Daniel Danielsen, eigar av Danielsens Hotell. I 1914 overtok kommunen ansvar for kaia og dampskipsekspedisjonen, men Danielsen heldt fram som ekspeditør.

Kaien er framleis stoppestad for ekspressbåten frå Bergen i vinterhalvåret.

Kjelder:

Strandsitjarstaden

Løypa går no vidare gjennom den opphavlege Sogndalsfjøra - området mellom kaien og elva. Gå først opp Steinbryggjegota, ta til venstre bortover Elvebakken og følg denne rundt til du kjem til Almenningen. 

På 1600-talet var dette ein offentleg allmenning der gardane i området hadde felles opplagsplass, og plass for båtar og naust. Dette var vanleg i mange fjordbygder, og rundt ein del av desse allmenningane vaks det fram strandsitjarstader. Ein strandsitjar var ein husmann utan jord. Dei var fattige og bygde små stover på allmenningen der det enten var svært lita eller inga jordleige. Strandsitjarane livnærte seg ofte som fiskarar eller handverkarar.

Dei første strandsitjarane i Sogndalsfjøra finn vi i kjeldene frå 1664, men det vesle samfunnet vaks raskt og i 1801 budde det 222 menneske i Fjøra. Fleirtalet av desse var fattige og fekk almisser. Husa var, med nokre få unntak, små og fattigslege, og Fjøra var som ein bygdeslum.

Dei neste 100 åra endra samfunnet seg raskt, og Fjøra vart etter kvart eit senter for spesialiserte handverkarar, studentar og handelsmenn. I folketeljinga 3. desember 1900 var det over 500 innbyggjarar i Fjøra. Utviklinga held fram utover på 1900-talet, og Sogndalsfjøra tok form som det fremste handelssentrumet i Sogn. 

Når du har fylgt Elvebakken til endes kjem du til Almenningen. Her kan du ta til venstre og gå ned mot riksvegen ved hotellet før du går vidare mot elva.

Fosshagen

Etter vandringa gjennom Fjøra skal vi no opp i bygda der storgardane låg. Du kjem ut på Riksveg 5 ved Quality Hotel Sogndal, og då er det berre å ta til venstre og følgje vegen over brua. Der startar gangvegen som går langs elva opp mot Høgskulen, og denne skal du følgje.

Garden du no ser på andre sida av elva er ein av dei store sentrumsgardane, Foss. Mykje av den opphavlege garden er bygd ned, men tunet står framleis. På slutten av 1800-talet vart garden tilplanta med frukttre, og rundt tunet er det framleis ein større eplehage. Nord for tunet til Foss er det registrert automatisk freda kulturminne. Arkeologiske utgravingar i Fosshagen i 2013 avdekka spor tre-fire tusen år tilbake i tid. Dei fann blant anna stolpehol etter eit om lag to tusen år gamalt langhus.

Kjelder:

Stedje mølle

Stedje Mølle, Foto Arild Nybø/mediebruket.no cc-by-nc-saStedje Mølle ligg på Øvre Stedje, på andre sida av elva for garden Foss. Erik Stedje kjøpte i 1893 ei gardskvern med dei rettar som høyrde til. Han reiv kverna og bygde denne moderne mølla som tente som bygdemølle til heilt uti 1960- åra.

Bygningen vart donert til Sogn Folkemuseum i 1980 og står i dag som eit kulturminne. Ei røyrgate fører vatnet inn i mølla til ein turbin. Tre kverner av sokalla Selbustein hadde ein kapasitet på ca 1500 kg korn i døgeret på det meste.

Kjelder:

Storgarden Kvåle

Følg gangvegen forbi Stedje Mølle opp langs elva. Etter at du har passert Høgskulen i Sogn og Fjordane og den store Sognahallen kjem du til ein parkeringsplass og busshaldeplass. Kryss over den, gå forbi Kvåle skule og hald til venstre. Følg vegen opp ein bakke om lag 100 meter forbi eit innkøyring forbudt-skilt. I dette krysset skal du ta til høgre.

Kvåle var ein av dei største gardane i Sogndal og strakk seg utover dette området. Det har lege fleire gravhaugar frå vikingtida med rike gravgåver på garden, og arkeologiske undersøkingar har avdekka eldre gardsbusetting og dyrking frå jarnalder. Arkiv frå 1647 viser at Kvåle var 9,9 gonger så stor som gjennomsnittsgarden i Sogndal.

Skattelister i arkiva fortel at Kvåle også var ein av dei rikaste gardane i mellomalderen. På byrjinga av 1300-talet var Kvåle ein av dei gardane i landet som betalte mest i skatt: 120 månadsmatbol. Det tyder at jorda gav mat til ein mann i 120 månadar. I denne perioden – ein gong mellom 1100 og 1300 – vart det reist ei steinkyrkje på garden, den einaste av sitt slag i Sogndal.

Kjelder:

Kyrkja på Kvåle

Kyrkja som stod på Kvåle i mellomalderen nemnast fyrste gong i skriftleg materiale frå 1308. Den vart truleg bygd i stein av den rike storbonden på Kvåle. Kyrkja skal ha lege 75 meter nordvest for Hallvardshaugen, på venstre sida av vegen når du går opp mot Dalavegen, men det fins ingen synlige spor etter kyrkja i dag. Kjelder frå 1824 hevdar at ein kunne sjå restar av kyrkja og kyrkjegarden under husa på garden (Blom 1824:159). Jordstykke vert framleis kalla Kyrkjeåkeren.

Kjelder:

Gravminne på Kvåle

Det er 11 kjende gravminne frå jarnalderen på Kvåle – gravhaugar, gravrøyser og flatmarksgraver. Gravhaugane er store, og når du kjem opp bakken og møter Dalavegen kan du tydeleg sjå Hallvardshaugen på høgre side og Studlahaugen over vegen på venstre side.

Hallvardshaugen måler 13-14 meter og er 3 meter høg. Toppen er avflata og måler kring 7 meter. Studlahaugen er 5-6 meter og 0,2-0,3 meter høg. Langs kanten kan ein sjå ei kjede av steinar.

Kjelder:

Fornminne på Rutlin

Følg Dalavegen ned mot sentrum om lag 900 meter. Ved eit overgangsfelt går det ein gangsti frå vegen opp mot Rutlin. Her oppe ligg i dag Sogn psykiatrisenter, men det har det vore busetjing i området tilbake til bronsealderen (1800 - 500 f. Kr.) og jordbruk heilt tilbake til yngre steinalder (4000 - 1800 f. Kr.).

I den fyrste tida var husdyrhaldet viktigast, men kornslaget bygg vart også dyrka. Åkrane låg spreidde på flata og i skråningane.

For om lag 2200 år sidan, i midten av bronsealderen, byrja menneska med meir intensiv utnytting av jorda. Åkrane vart meir permanente, dei vart gjødsla og rydda for stein.

I ei arkeologisk utgraving i 1998 vart det registrert meir enn 1100 strukturar i området, som blant anna stolpehol, eldstader og kokegroper. Det er sikre spor etter sju bygningar der den eldste er frå bronsealderen (om lag 1100 f. Kr.). Denne bygningen har truleg vore 10 m lang.

Kjelder:

Sogndal prestegard:

Sogndal prestegard. Foto Harald Groven cc-by-saGå tilbake til Dalavegen og følg vegen mot sentrum. Etter om lag 150 meter passerer du Sogndal prestegard på venstre hand. I den øvre delen av prestegardshagen ligg ein hovudbygning, stabbur, garasje og eit mindre uthus, Prestegarden hadde ein gong i tida mykje jord, men i dag er det berre hagen igjen. Det er stor avstand mellom kyrkja og prestegarden, men det er klar sikt mellom bygga.

Hovudhuset er frå 1836 og er freda. Arkitekturen er påverka av kjøpmanns- og embetsmannsarkitekturen frå Bergen.

Kjelder:

No kan du ta til venstre i neste kryss i retning sentrumsparken for å avslutte rundturen der du starta.

Kjeldene samla:

 

http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article6665106.ece

Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
Type the characters you see in this picture. (Høyr på kontrollskjema)
Skriv inn bokstavane som du ser dei på biletet ovafor. Om du ikkje kan sjå dei trykker du "Lagre", så vil eit nytt bilete bli generert. Det vert ikkje gjort skilnad på store og små bokstavar.