Nyhendearkiv

Søk i nyhende

Search form

skjermdump_instagram
Torsdag, 30 juni, 2016 - 09:43
I sommar kan du følgje Kulturnett Sogn og Fjordane sin fotoserie #fjellfolkfør på Instagram og på Facebook. Her kan du sjå bilete som illustrerar korleis folk brukte fjellet før i tida.  Les meir...
 
Sigrun Espe og Annette Langedal Holme
Fredag, 24 juni, 2016 - 14:52
I sitt andre år får kartleggings- og formidlingsprosjektet Skulen min ferske prosjektmidlar frå Riksarkivet. Dette vert feira både på Fylkesarkivet og i fylkeskommunen. Denne summen kjem i tillegg til støtta på 50 000 kroner frå Statens vegvesen i 2016.  Les meir...
 
Førdefestivalen 2016 flyer
Onsdag, 1 juni, 2016 - 08:51
Førdekonferansen 2016 vert arrangert torsdag 7. juli og har fått tittelen "Kulturens kraft i eit samfunn i endring".  Les meir...
 
Skulen min på Instagram_skjermdump
Tysdag, 15 mars, 2016 - 14:36
Skuleprosjektet "Skulen min" er no på Instagram. Her kan du følgje fylkeskommunen og Fylkesarkivet sitt arbeid med å kartleggje skulehistoria i Sogn og Fjordane. Du kan også dele dine eigne skulebilete med emneknaggen #skulenmin.  Les meir...
 
Skifjord skule. Foto Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune (cc-by-sa)
Onsdag, 17 februar, 2016 - 09:48
Skulen har spelt ei sentral rolle i lokalsamfunnet og alle har eit forhold til skulen. Prosjektet "Skulen min" tek sikte på å presentere skulehistoria i fylket gjennom ein digital skuleportal, der publikum kan hente ut og samstille informasjon frå ulike databasar. Fylkesarkivet og kulturavdelinga i fylkeskommunen er godt i gang med å kartleggje skulehistoria til pilotkommunen Hyllestad.  Les meir...
 
Skjermdump, Liv og lys i huset i bygda.
Fredag, 5 februar, 2016 - 15:10
Tidene endrar seg og det gjer også Kulturnett Sogn og Fjordane. For dei som har sakna Kulturbloggen kan vi melde om at denne har kome tilbake i ny form på www.sfj.no/kulturblogg.  Les meir...
 
kart over kommunane i sogn og fjordane
Torsdag, 6 august, 2015 - 14:04
Sommarferien er på hell, men det er mange kulturarrangement og aktivitetar rundt om i Sogn og Fjordane i august. Kanskje du kunne tenke deg å delta på noko av dette?  Les meir...
 
illustrasjonsfoto
Tysdag, 4 august, 2015 - 09:58
Er du mellom 15 og 27 år har du no sjansen til å søke om bloggstipend på 5000 kroner gjennom prosjektet "Mine meiningar på mitt språk". Inkludert i stipendet er også eit bloggkurs i september og påfølgjande skriving. Alle som likar å skrive og formidle på nynorsk kan søke. Les meir...
 
Sogndal prestegard. Foto Harald Groven/Wikimedia Commons, cc-by-sa
Torsdag, 30 april, 2015 - 13:50
Dette er eit turforslag gjennom Sogndal sentrum med informasjon om kulturminne langs løypa. Løypa startar i denne skildringa i sentrumsparken i Sogndal, men det er så klart mogeleg å starte andre stader langs løypa.  Les meir...
 
Bilete av 1MKA.
Torsdag, 16 april, 2015 - 10:54
18. til 19. april brakar det laust i Førdehuset når ungdom frå heile fylket skal delta på UKM Fylkesmønstring. Ungdommane får høve til å vise seg fram innan ulike kunst- og kulturuttrykk.  Les meir...
 
Kart over kulturhistorisk løype i Solvorn
Tysdag, 24 mars, 2015 - 15:43
Solvorn er ei lita fjordbygd ved Sognefjorden. Den ligg i Luster kommune, på vestsida av fjordarmen Lustrafjorden. I den tida fjorden var den viktigaste ferdselsåren var Solvorn eit knutepunkt for handel, offentleg verksemd og turisme. Om ein går ein tur rundt om i Solvorn kjem ein forbi mange spennande kulturminne som rommar mykje historie. Denne Kulturhistoriske løypa eg ein vegvisar til ein del av denne kulturhistoria. Kjelde: Arne Kvalen  Les meir...
 
Skjermdump av bloggen Utetid frå 20/2/2015
Fredag, 20 februar, 2015 - 10:53
Kulturnett Sogn og Fjordane gratulerer Ingebjørg Nondal frå Odda som står bak det som har vorte kåra til verdas beste nynorskblogg. Bloggen heiter "Utetid" og ein inspirasjonsblogg med fokus på lavterskelfriluftsliv og kvardagsturar med barn.  Les meir...
 
Omslaget på boka "legathåndboken 2015"
Torsdag, 19 februar, 2015 - 15:23
Kjenner du nokon fra Sogn og Fjordane med stort talent som tek utdanning innan områda musikk, litteratur, målarkunst eller forming? Søk om støtte frå fondet «Marit Mossige Ryssdal og Jon Ryssdals legat».  Les meir...
 
Måndag, 5 januar, 2015 - 15:01
Friluftslivets år 2015 vert offisielt opna 13. januar og målet er å få «heile Noreg» ut i friluft. Eit av satsingsområda er kultur­minne som opplevingsverdi og motivasjonsfaktor i friluftsliv.  Les meir...
 
Fjærland bygdehus
Tysdag, 28 oktober, 2014 - 09:13
I samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune skipar Huset i Bygda ein konferanse for deg som er aktiv og engasjert i eit organisasjonseigd kulturbygg i Sogn og Fjordane. Konferansen finn stad i Fjærland, laurdag 8. november. Les meir...
 
QR-kodar på Kinn. Foto Sogn og Fjordane fylkeskommune/Birgit Tansøy
Måndag, 8 september, 2014 - 10:38
Besøkande til Kinn kan no lese bruke smarttelefonane sine som guidar medan dei vandrar mellom kulturminna på øya. Ved hjelp av ein app kan ein lese av QR-kodar som er plasserte ved kulturminna eller på informasjonsskilt, og få fram informasjonstekstar med illustrasjonar. Les meir...
 
Torsdag, 21 august, 2014 - 10:21
Visste du at det no er mogeleg å lese, laste ned og dele gamle utgåver av magasinet Kjelda i Issuu?  Les meir...
 
Fredag, 8 august, 2014 - 10:39
Mange kjenner ikkje dei lokale og kvardagslege kulturminna i sine nærmiljø. For fem år sidan vart det utarbeida nokre kulturminneløyper i samband med Kulturminneåret 2009. Desse har nyleg vorte flytta over på Lokalhistoriewiki, og her kan alle vere med å vidareutvikle dei. Les meir...
 

Sider