Nyhendearkiv

Søk i nyhende

Search form

Bokanbefalinger
Tysdag, 10 desember, 2013 - 14:34
Er du på jakt etter gåve til tenåringen? Eller kanskje til bestefar, eller ein onkel som har alt? På nettstaden "Bokanbefalinger" kan ein få boktips og bokomtalar direkte frå bibliotekarar rundt om i heile landet samt hente ut lister over bøker etter sjanger, målform og målgruppe. Les meir...
 
Kvinnestemmer på Eid folkebibliotek
Måndag, 9 desember, 2013 - 14:04
Samarbeidsprosjektet «Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane» har resultert i ei utstilling som no har vandra rundt i fylket i fleire månader. Denne har nådd ut til eit stort publikum, både ungdom og eldre. Utstillinga er eit godt eksempel på korleis vi som kulturinstitusjonar kan få til meir og formidle betre når vi jobbar saman. Musea i Sogn og Fjordane, Fylkesarkivet og kulturavdelinga i fylkeskommunen står bak utstillinga som både markerer stemmerettsjubileet og fylkesjubileet. Les meir...
 
Torsdag, 28 november, 2013 - 10:05
I kveld er det debatt på Kaupanger med tittelen «finst Sogn og Fjordane?». Bakteppet for debatten er kort oppsummert med eit sitat frå Anne Viken: «Vi har aldri vore eit fylke, og kjem aldri til å bli det.» Les meir...
 
Innvik ullvarefabrikk, detalj
Tysdag, 19 november, 2013 - 11:21
Fylkeskommunen og Fylkesmannen arrangerte i november plansamling i Loen med lokale kulturminneplanar som eit av hovudtema. Ein kveld vart det arrangert utflukt til det gamle fabrikklokalet til Indvikens Uldspinderi. Les meir...
 
Nyplanting i nynorskens skog
Torsdag, 14 november, 2013 - 11:22
Kjartanistansk diplomat, sivilarkitekt og skribent Bjørn-Are Vollstad var ein av hovudpersonane når den nye møteplassen for "Kultureliten" i Førde vart opna 4. november. Tema var nynorskens skog. Les meir...
 
DKS-katalog
Fredag, 25 oktober, 2013 - 13:27
Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane (DKS) gir elevar i skulen eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod. Ein heil katalog full av ulike kunstnarlege og kulturelle uttrykk viser på ein god måte korleis DKS forsøker å femne om alle elevar i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa. No kan du lese om tilboda, aktivitetane og artistane som vitjar skulane i 2013/14 i ein flott ny digital katalog. Les meir...
 
Telefonkiosk i Bergen. Foto David/Wikimedia Commons. CC-BY-SA
Torsdag, 24 oktober, 2013 - 13:24
Den raude telefonkiosken er eit levande kulturminne, men "livet" er i ferd med å ebbe ut. Telenor har starta planlegginga av den dagen då røret skal leggast på for godt, og søker i samband med dette ditt spesielle minne for å hedre den trufaste telefonkiosken. Les meir...
 
Torsdag, 17 oktober, 2013 - 10:19
Mange av oss brukar andre sine bilete på eigne nettsider, bloggar eller i sosiale medium. Men bilete er underlagt opphavsrett. Veit du kva bilete du har lov å bruke og korleis? Les meir...
 
Logo Vestlandskappleiken 2013 av Oddvar Torsheim
Fredag, 11 oktober, 2013 - 13:15
Denne helga kan du blant anna få med deg jazzfestival i Jølster og kappleik i Førde. Les meir...
 
"Kamp om vegmidlane i indre Nordfjord", Kulturhistorisk leksikon
Onsdag, 25 september, 2013 - 11:36
"Kamp om vegmidlane i indre Nordfjord", "Den keltiske steinkrossen i Eivindvik" og "Det store hamskiftet i Stongfjorden" - dette er ikkje nyhendesaker, men artiklar i Kulturhistorisk leksikon. Det er viktig å kjenne fortida når skal forstå og påverke notida - søk fram artiklar om tema som du interesserer deg for. Les meir...
 
Stortingskvinner frå Sogn og Fjordane
Torsdag, 12 september, 2013 - 10:51
Valet er over, og stortingskandidatane er klare: to menn og to kvinner skal representeret fylket vårt i neste periode. Det er verd å merke seg at Liv Signe Navarsete og Ingrid Heggø er to av berre seks kvinner totalt som har representert Sogn og Fjordane på Stortinget. Les meir...
 
Tysdag, 10 september, 2013 - 14:04
Utstillinga og prosjektet Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane er ei markering av hundreårsjubileet for kvinners stemmerett. Men den er også ein del av fylkesjubileet - vi feirar i år at Sogn og Fjordane fylke har eksistert i 250 år, og denne utstillinga set fokus på kvinnene i fylket. Les meir...
 
Festivaljente. Foto Håkon Sønderland/ergates (Flickr)
Tysdag, 3 september, 2013 - 14:19
Festivalsesongen går no mot slutten, og det er mange som sit igjen med gode minner etter konsertopplevingar rundt om i fylket. Her er eit lite knippe videosnuttar for dei som vil mimre eller for dei som vil sjå kva dei har gått glipp av.    Les meir...
 
Måndag, 2 september, 2013 - 15:36
Kulturkonferansen 2013, 3. oktober på Skei Hotel er dessverre avlyst grunna få påmelde. Vi vil vurdere å flytte konferansen til eit seinare og vonleg meir passande tidspunkt for målgruppa. Ta kontak om de har innspel eller spørsmål.                                                                Les meir...
 
Måndag, 2 september, 2013 - 12:40
I september kan du konkurrere om å ta det beste biletet av eit historisk kulturminne i verdas største fotokonkurranse, Wiki loves Monuments. I 2012 kom det inn 300 000 bilete av kulturminne frå heile verda, og 2000 frå Noreg. Bli med å dokumentere kulturminne i Sogn og Fjordane og kjemp om fine fotopremiar! Les meir...
 
Onsdag, 28 august, 2013 - 15:11
Facebook har blitt ein populær arena for å dele og diskutere gamle bilete. For ein fotoarkivar er det flott å sjå at interessa for foto og lokalhistorie blomstrar. Men kva reglar er det eigentleg som gjeld når ein publiserer foto på Facebook? Les meir...
 
Lokale kulturminneplanar logo
Måndag, 26 august, 2013 - 12:27
Ein ny rapport viser at lokale kulturminne kan skape tilhøyrsle og stoltheit blant innbyggarane, samt gi grunnlag for næringsutvikling. Her ligg eit stort potensiale for kommunar til å utvikle attraktive og verdiskapande lokalsamfunn. Les meir...
 
Bilete av blyantar henta frå Wikimedia Commons, Dmgerman (http://en.wikipedia.org/wiki/File:Pencils_hb.jpg)
Fredag, 16 august, 2013 - 10:44
Konkurransen er avslutta, og her kan du no finne fasiten. Den heldige vinnaren er Ine Askevold Hansen - gratulerer! Takk til dei som deltok. Kom gjerne med innspel til konkurransen, spørsmåla eller anna. Les meir...
 

Sider