Nyhendearkiv

Søk i nyhende

Search form

Prosjektleiar Edvin Helgheim med det nye fylkeskartet. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Fredag, 16 august, 2013 - 10:13
I høve fylkesjubileet har fylkeskommunen og fylkesmannen i Sogn og Fjordane laga eit nytt og oppdatert fylkeskart som vert delt ut til alle klassar i fylket. Informasjon om fylket på baksida av kartet samt på nettsida til fylkesjubileet gir eit godt utgangspunkt for prosjektarbeid i skulen. Les meir...
 
Fredag, 9 august, 2013 - 14:01
Denne helga kan ein få med seg både scenekunst, musikk, poesi og idrettsarrangement rundt om i fylket. Her er ei oversikt over noko av det som skjer 9. og 10. august. Les meir...
 
Skisse av Ivar Aasen, teikna av Olav Rusti. Kjelde: Wikimedia Commons
Måndag, 5 august, 2013 - 10:43
Måndag 5. august er det 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd. For å markere dette har prosjektet "Språkåret 2013" laga ein musikkvideo av Aasen-teksten "Dei gamle fjelli". Fjell og folk frå Vestlandet, i landskapet Aasen vaks opp i, har hovudrollene. Les meir...
 
Landskap i Luster - skjermdump av mobilapplikasjon
Onsdag, 10 juli, 2013 - 15:46
I sommar kan du ved hjelp av eit reisehefte, ein mobilapplikasjon med quiz og premiar, samt 12 nasjonalromatiske kunstverk ta ei spektakulær rundreise i lokal natur og kultur i Luster.  Opplev Nigardsbreen, Hurrungane, Lustrafjorden, Urnes Stavkyrkje, Feigefossen med meir. Les meir...
 
Rock on! Foto G Meyer/Flickr
Måndag, 8 juli, 2013 - 15:51
Er du i alderen 13-20 år og spelar gitar, bass, slagverk, keyboard eller syng? Bli med på rockeleir med Spitfire 2. til 4. august. Les meir...
 
Amtsstova på Leikanger. Foto Hermund Kleppa/Fylkesarkivet
Onsdag, 3 juli, 2013 - 15:22
Joachim de Knagenhjelm var den første. Anne Karin Hamre er den sitjande. Men kor mange amtsmenn/fylkesmenn har vi hatt i Sogn og Fjordane sidan fylket vart oppretta for 250 år sidan? Les meir...
 
"Riksforsamlingen på Eidsvoll 1814" Av Oscar Wergeland (1844–1910) (Frå Wikimedia Commons)
Onsdag, 3 juli, 2013 - 14:44
I 2014 er det 200 år sidan Grunnlova vart vedteken av riksforsamlinga på Eidsvoll. Prins Christian Fredrik, øvstkommanderande i Noreg, kalla inn til riksforsamling på Eidsvoll 17. mai 1814. Ein sorenskrivar, ein prest og ein gardbrukar representerte folk frå Nordre Bergenhus.  Les meir...
 
Joachim de Knagenhielm (1727–1796) (Frå Wikimedia Commons)
Onsdag, 3 juli, 2013 - 11:26
Joachim de Knagenhjelm var den som sørgja for at Nordre Bergenhus amt, seinare kjend som Sogn og Fjordane fylke, vart oppretta i 1763. Han vart sjølv amtmann og budde på familiegarden på Kaupanger. Men kva meir veit vi om denne mannen? Les meir...
 
Måndag, 1 juli, 2013 - 14:38
Sogn og Fjordane fylke vart oppretta i 1763 og er 250 år i år. Vi feirar jubileum. Men kva var det som førte til at Sogn og Fjordane vart oppretta? Les meir...
 
Måndag, 1 juli, 2013 - 14:18
Amt var eit ord som vart brukt i staden for fylke. Ordet fylke vart innført i 1918, og då fekk alle amta nye fylkesnamn. Les meir...
 
Kjelda #2 2013
Måndag, 1 juli, 2013 - 11:02
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane gir kvart år ut 3 nummer av "Kjelda" - eit fylkesdekkjande blad for historie, arkiv og kjelder i Sogn og Fjordane. Nytt nummer er no klart.  Les meir...
 
Sommarutstillingar 2013
Torsdag, 20 juni, 2013 - 11:25
Få med deg ei kunstutstilling i sommar! Her finn du nokre tips. Les meir...
 
Flyer for fotokonkurranse
Fredag, 31 mai, 2013 - 08:34
Prosjektet Lokale kulturminneplanar og fylkesjubileet Sogn og Fjordane 250 år arrangerer fotokonkurranse og oppmodar alle til å dra på kulturminnejakt med kameraet i sommar. Slik ynskjer dei å setje kulturarven i Sogn og Fjordane på dagsorden. (Tekst henta frå sfj.no) Les meir...
 
Onsdag, 22 mai, 2013 - 14:44
Sunnfjord Museum feirar stemmerettsjubileet med ulike arrangement utover sommaren og hausten. Sentralt står Musea i Sogn og Fjordane, Fylkesarkivet og fylkeskommunen si eiga utstilling "Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane". Les meir...
 
THING Project logo
Tysdag, 21 mai, 2013 - 10:48
Det internasjonale tingstadprosjektet, THING-prosjektet, har publisert retningslinjer, strategiar, erfaringar og dømestudium på nett. Tanken er at andre som har lyst å spre informasjon om, ta vare på eller bygge opp attraksjonar rundt kulturminne skal få inspirasjon og idear til dette. Les meir...
 
Konkurransar
Onsdag, 15 mai, 2013 - 10:58
Skriv eit dikt eller ei novelle, lag ein kortfilm eller ta eit bilde og konkurrer om fine premiar. Dei tre konkurransane har ulike arrangørar, men alle er ein del av fylkesjubileet - Sogn og Fjordane 250 år. Skrivekonkurransen er for ungdom mellom 16 og 26 og filmkonkurransen er for ungdom mellom 15 og 19, men fotokonkurransen er open for alle. Les meir...
 
Måndag, 6 mai, 2013 - 10:28
Laurdag 4. mai vart utstillinga Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane opna på Kaupanger. Sigrid Moldestad sine stemningsfulle tonar, gode ord og talar, god kortreist mat og ikkje minst alle dei flotte kvinnene portrettert i utstillinga, var med på å skape eit vellukka arrangement. Alle desse kvinnene kan du lese meir om på nettsida kvinnestemmer.net. Les meir...
 
Bokbyen i Fjærland.
Måndag, 29 april, 2013 - 10:20
Då "Den norske bokbyen" i Fjærland vart opna av kulturminister Åse Kleveland i 1996 var dette den første bokbyen i Norden. Kvar sommar etter dette har bøkene dominert det vesle samfunnet. 1. mai opnar igjen bokbyen i Fjærland. Les meir...
 

Sider