Nyhendearkiv

Søk i nyhende

Search form

Digital utstilling, Europeana
Torsdag, 20 desember, 2012 - 15:15
Den nettbasert utstillinga "Leaving Europe: A new life in America" kartlegg gjennom foto, manuskript, maleri, brev, lydfiler, offentlege dokument og anna materiale folk sine reiser frå Europa og starten på nye liv i USA. Europeana står bak utstillinga. Les meir...
 
Sunnfjord Museum, foto Njål_N/Flickr
Torsdag, 13 desember, 2012 - 12:56
Fylkestinget i Sogn og Fjordane har utsett å ta stilling til bygginga av eit fellesmagasin for musea i fylket fordi dei ikkje finn pengar i budsjettet. Musea i Sogn og Fjordane har ikkje plass til å ta vare på alle gamle skattar og er uroa for at museumsgjenstandar no kan bli øydelagde. Les meir...
 
Illustrasjon: Wiki Loves Monuments 2012
Onsdag, 5 desember, 2012 - 11:23
Fotokonkurransen Wiki Loves Monuments 2012 er over. Her er bilete frå Sogn og Fjordane lasta opp til Wikimedia Commons i samband med konkurransen. Alle desse finn du på Wikipedia/Wikimedia Commons. Du kan også bli med og stemme fram eit norsk vinnarbilete på konkurransesida. Les meir...
 
Turneplan for Unni Løvlid og Draup, Sogn og Fjordane desember 2012
Torsdag, 29 november, 2012 - 08:52
Det blir glasmusikk og folketonar i vakker blanding når Unni Løvlid og Draup turnerer fylket i desember. Salmar og folketonar frå ulike delar av fylket vert ramma for denne adventskonserten. Les meir...
 
Alle kan bli med. Foto THING Project/Frank Bradford
Tysdag, 27 november, 2012 - 14:17
Tingstadprosjektet THING er stolte av å kunne presentere Thing Sites Geo Tour, eit innovativt reiselivstilbod som knyter saman norrøne tingstader. "No kan du gå på skattejakt i Vikingane sine fotspor – med GPS!", seier Anne-Karin Misje, tidlegare prosjektleiar for Gulatinget. Les meir...
 
Fuglesteg. Foto Arild Nybø
Måndag, 19 november, 2012 - 08:34
Gjennom 100 år har Riksantikvaren jobba med kulturminne og kulturvern i Noreg. Kulturminne er ein viktig del av vårt samfunn og er ofte sterkt knytt til vår identitet. Det er difor fint å høyre riksantikvar Jørn Holme sei at "Når vi feirer hundreårsjubileet, feirer vi samtidig det viktige arbeidet med kulturminner over hele Norge". Les meir...
 
Valkyrien Allstars på Bergen Jazzforum 4/9 2009. foto svennevenn
Torsdag, 15 november, 2012 - 20:04
- med blant anna ein fersk tv-kjendis som har blitt kjent for å gi enormt av seg sjølv på scena og ein prisvinnande og kritikarrosa musikar frå fylket.   Les meir...
 
Ottar Grepstad, forfattar og direktør for Nynorsk kultursentrum.
Tysdag, 13 november, 2012 - 15:16
I dag - 13. november - vert Språkdagen 2012 arrangert. Fredag førre veke inviterte Sogn og Fjordane fylkeskommune til det første møtet i Nynorsk forum, og 8. mai i år lanserte Nynorsk kultursentrum rapporten «Språkfakta Sogn og Fjordane 1646–2012». Språk er viktig for nordmenn, og kanskje spesielt for nynorskbrukarar. Men kva er eigentleg greia med nynorsk i Sogn og Fjordane? Les meir...
 
Sogn og Fjordane på Wikipedia
Fredag, 9 november, 2012 - 09:44
22 dyktige og ivrige representantar for kunst- og kulturfeltet i Sogn og Fjordane deltok denne veka på Wikipediakurs i regi av Fylkeskommunen. Kursa vert finansiert av Kulturrådet som håper dette kan bidra til å få fleire gode artiklar innanfor dette området på Wikipedia. Les meir...
 
Post mortem-fotografi. Død mann i kiste pyntet med blomster. Foto: Borgen, Gustav / Norsk Folkemuseum
Onsdag, 31 oktober, 2012 - 15:24
I kveld er det halloween - kvelden før allehelgensdag eller helgemesse. Halloween er for mange synonymt med "knask-eller-knep" og utskjerde graskar. Men kva veit du eigentleg om historia til halloween? Les meir...
 
Astrup-app, Kunstmuseet i Bergen
Fredag, 26 oktober, 2012 - 13:57
Det vert stadig vanligare at museum, galleri eller andre kulturaktørar tek i bruk webteknologi i samband med utstillingar og arrangement. Gjennom ein app på telefonen eller nettbrettet kan publikum oppleve kunsten og kultur på nye måtar. Neste år får kanskje Jølster ein eigen Astrup-app. Les meir...
 
Fredag, 19 oktober, 2012 - 10:00
Frå fredag 19. oktober til søndag 4. november turnerer bokbåten Epos i Sogn og Fjordane. Kanskje kjem det flytande biblioteket til di bygd? Les meir...
 
www.sfj250.no
Torsdag, 18 oktober, 2012 - 14:57
2. november arrangerast det fyrste av fleire seminar i regi av prosjektet "Fylkeshistorie for Sogn og Fjordane" i Florø. Tid og stad er ikkje tilfeldig, men samanfell med lanseringa av eit anna historisk verk, nemleg fyrste del av Florasoga. Les meir...
 
Tysdag, 16 oktober, 2012 - 12:45
Siste helga i oktober er det igjen klart for Nynorske litteraturdagar i Aurland. Dette kulturarrangementet legg vekt på nynorsk litteratur og språk, og tek sikte på å appellera til ulike målgrupper, både i høve til alder og interesseområde. Les meir...
 
I want you for Wiki
Søndag, 7 oktober, 2012 - 10:57
- dagskurs for arkiv, museum, kunstinstitusjonar og andre Les meir...
 
Sirkus Saragossa, foto SOFT
Fredag, 28 september, 2012 - 11:57
Sogn og Fjordane Teater si store familiesatsing i haust er Sirkus Saragossa. Her møter vi det gode gamle sirkuset med både trylling og magi, samt ei historie om ti år gamle Elvis og sirkusfamilien Saragossa. Les meir...
 
Hulda Garborg. Foto Ernest Rude
Onsdag, 26 september, 2012 - 15:17
I veka som kjem tek fleire bibliotek i fylket imot forfattar, historikar og journalist Arnhild Skre og musikar, komponist og produsent Gro Marie Svidal som med tekst, bilete og tonar skal presentere Hulda Garborg. Les meir...
 
Måndag, 24 september, 2012 - 13:29
Forlaga har vore seint ute og det har gått seint med å få på plass gode tekniske løysingar for kjøp og nedlasting av e-bøker. Det er ikkje rart at biblioteka er nølande og usikre når det gjeld e-bøker. Konsitituert fylkesbiblioteksjef, Anja Angelskår Mjelde, bloggar om e-bøker. Les meir...
 

Sider