Jenny Følling og Jan Geir Solheim

Jenny Følling og Jan Geir Solheim.

Nyopning av Kongevegen

Denne helga markerer vi nyopninga av den gamle ferdselsvegen mellom Sogn og Valdres, Kongevegen over Filefjell. Fylkeskommunen har hatt koordineringsansvar for verdiskapingsdelen av prosjektet som har restaurert Kongevegen. Fylkesordførar Jenny Følling skriv om dette på Kulturbloggen.

Endeleg er dagen komen, ein milepæl der vi i fellesskap kan markere at arbeidet med Kongevegen over Filefjell, skildra som «ei reise mellom landsdelane», er fullført. Prosjektet er, og har vore, eit svært viktig kulturhistorisk arbeid, ingeniørkunst av ypperste slag og eit vitnesbyrd om vegbygging i tidlegare tider som seinare generasjonar vil få stor glede av.

Imponerande veghistorie

Mykje har skjedd innan vegfaget sidan Kongevegen vart bygd under militær leiing i 1793. Det er ikkje vanskeleg å sjå at både stigningsforhold og kurvatur på dagens vegnett er av ein noko annan karakter enn dåtida sine vegar. Heldigvis, vil mange sei. Men, samtidig veit vi at Kongevegen allereie på slutten av 1700-talet vart bygd med nye og meir avanserte byggeprinsipp enn tidlegare. For å trekke fram noko er spesielt natursteinsmurane som omkransar og støttar opp dei bratte slyngene ned Vindhellavegen ikkje anna enn imponerande.

Eg er heilt sikker på at fagfolka som har fått brynt seg på gjenoppbygginga av kongevegen til fordums prakt har funne stor inspirasjon og glede i å gjenskape og vedlikehalde vegen. Og, ikkje minst må det vere ekstra gjevande å rekonstruere bruer etter veginstruksar frå 1700-talet som til sist vert krona med kongen sitt monogram.

kongevegsopning.JPG

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, ordførar i Lærdal, vegdirektøren, ordføraren i Vang og fylkesordførar i Oppland

Slit, sveitte og tårer

Sjølv om det utbetringsarbeidet som er gjennomført dei seinare åra er utført etter dagens krav til arbeidstid og HMS, så veit vi samtidig at vegbygging på 1700-talet ikkje var noko arbeid for kven som helst. Ein kan berre førestille seg det blodslit og harde arbeidet soldatar, pliktarbeidar frå området rundt og andre har lagt for dagen i bygginga av denne viktige vegen og då med heilt andre typar reiskap og verktøy enn det ein har tilgjengeleg til dømes ved bygginga av dagens Filefjellveg på E16. Difor skal vi også, på slik ein dag, reflektere litt over alt det slit, sveitte og truleg også tårer som arbeidarane gjennom fleira år ofra for å byggje denne vegen.

Frå hovudveg til turistveg

Den historiske traseen mellom aust og vest over Filefjellet har i alle høve vore sentral, langt tilbake i tid. Allereie på 1100-talet er det funne spor etter aktivitet på fjellet og truleg kan dei historiske røtene frå denne viktige fjellovergangen sporast enda lenger tilbake i tid, noko dei gamle ride- og kløvvegane tyder på. Med behovet for tilgang til sjøvegen har nok denne ferdselsåra også vore nytta enda lenger tilbake.

I dag, er det som tidlegare var ein hovudveg, no fyrst og fremst ein turistveg og eit kulturminne. Akkurat denne vegen har ikkje lenger den strategisk viktige funksjonen som på 1700-talet. Men, til gjengjeld har den fått ein heilt avgjerande kultur- og veghistorisk funksjon. Ei vandring langs denne vegen byr på storslått natur, fantastiske byggverk og ei oppleving av unik norsk historie frå Lærdal over Filefjellet og ned til Vang som eg trur og håpar vil gje store opplevingar for store og små, frå inn- og utland i fleirfoldige år framover.

Menn legg dekke for ny bru.
Brudekket leggast. Foto Jan Adriansen, 20.10.2015

Samarbeid

Som fylkesordførar i eit av vertsfylka for denne vegen vil eg takke alle samarbeidspartnarar som har jobba fram dette prosjektet. Desse er:

  • Vang kommune
  • Lærdal kommune
  • Valdres Natur- og kulturpark
  • Valdresmusea
  • Musea i Sogn og Fjordane
  • Statens vegvesen
  • Bedriftsnettverket Kongevegen
  • Oppland Fylkeskommune
  • Sogn og Fjordane Fylkeskommune

De fortenar alle ein ekstra applaus for å ha sørga for realiseringa av dette prosjektet.

Eg vil avslutte med å ynskje god tur til alle som no skal vandre langs kongevegen over Filefjell.

Kommentarer