Om kulturnett Sogn og Fjordane

Kulturnett Sogn og Fjordane er ein nettstad for kulturdebatt, kulturtilbod og kulturarv i Sogn og Fjordane. Vårt nett er eit av mange regionale kulturnett i Noreg og er etablert i nært samarbeid med Norsk Kulturråd, kommunane  i Sogn og Fjordane og kulturinstitusjonane i fylket. Sogn og Fjordane fylkeskommune har det faglege, økonomiske og redaksjonelle ansvaret.

>> Kontakt oss

Litt om våre tenester

  • Kultursøket er ein viktig del av Kulturnett Sogn og Fjordane. Her finn du data frå dei fleste kulturarv-institusjonar som har informasjon som er relevant for Sogn og Fjordane samla i eitt søk. Datagrunnlaget er stadig aukande og delar av det vert samstundes gjort tilgjengeleg i den europeiske fellesportalen Europeana.eu. Ein del av dette innhaldet er også tilgjengeleg via Fylkesatlas.no under temaet "Kultur og historie".
  • Kulturbloggen er ein blogg der tunge aktørar i  kulturlivet i fylket tek initiativ til gode offentlege diskusjonar knytt til eigne fagfelt. Målet  er å skape ein regional meiningsarena for kulturdebatt, og å få til ein god dialog med innbyggarar i og utanfor fylket.
  • Kulturinstitusjonar er eit register over ... ja nettopp: kulturinstitusjonar i fylket. Her finn du kartkoordinatar, kontaktinformasjon, heimeside og ei skildring av dei fleste institusjonane våre
  • Skulestova er kulturnett sine eigne skulesider. Her kan du finne læringsressursar, nyhende for skulesektoren og nye artiklar i Geoatlas med meir.
  • Tenester er ei samling nettressursar som vi har utvikla til deg. Last ned ein audioguide, les i Kulturhistorisk Leksikon, prøv vårt Gardsleksikon, søk i oppslagsverk eller prøv vårt søk i arkeologiske samlingar.

Litt historikk

Kulturnett Sogn og Fjordane vart første gong lansert 3. desember 1998 av fylkesordførar Knut O. Aarethun. Målet var "å byggja eit kulturnett på våre eigne premissar med stoff frå fylket, produsert på nynorsk og tilpassa våre tilhøve”. I oppstarten var kulturnettet finansiert av Kulturdepartementet, Song og Fjordane fylkeskommune, TITAN, Norsk museumsutvikling, Statens bibliotektilsyn med fleire. Sidan den gongen har kulturnettet vore gjennom fleire fasar. Ikkje minst ga prosjekta Nettbasert Kultur og kunnskapsformidling (2005-2007) og EuropeanaLocal (2009-2011) kulturnettet vårt eit løft.

Kulturnett Sogn og Fjordane slik det såg ut i 2000
(henta frå waybackmachine.org)

Kvifor Kulturnett?

I tillegg til å synleggjere og formidle kulturarven og kulturlivet i Sogn og Fjordane er eit av hovudmåla med kulturnettet og knyte saman informasjon frå ulike kjelder til ein heilskap for deg som brukar.

Informasjon om stadnamn og foto frå Fylkesarkivet, persondata i frå riksarkivet, gjenstandar frå musea og arkeologiske funn gjort av Bergen Museum er gjerne spreidde på ei rekkje kjelder. Sjølv om informasjonen er tilgjengeleg i digital form er det ofte svært krevjande å finne koplingar mellom dei. Saman med institusjonane har kulturnettet som ambisjon å gje alle tilgong til samordna kulturarv-informasjon på internett heilt ned til eige lokalsamfunn. Kultursøket er eitt av fleire verkemiddel i dette arbeidet.

I tillegg til kultursøket, ynskjer vi mellom anna å by deg aktuelle saker knytt til kultur og kulturarv fylket. Vi har også utforda kulturinstitusjonar i fylket til å gå saman om å etablere ein felles kulturblogg der meiningsbryting knytt til kultur og kulturarv kan skje.

Saman med institusjonar og kommunar i fylket er vi med å etablere ein "digital almenning" der kultur og kulturarv er tilgjengeleg for bruk og gjenbruk. Den viktigaste aktøren i dette arbeidet er Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, men også Fylkesbiblioteket, Musea i Sogn og Fjordane, kommunane og lag/organisasjonar er viktige bidragsutarar. 

Kven er vi?

Den harde kjerna knytt til kulturnettet er tilsett i arkiv-, bibliotek- og museumssektoren i fylket.  "ABM-Sogn og Fjordane" - eit team som arbeider med digital formidling  i kulturavdelinga ved Sogn og Fjordane fylkeskommune har ansvar for drift og utvikling. ABM-Sogn og Fjordane har også ansvar for Digitalt Fortalt (i Sogn og Fjordane) og Geoatlas. Skulestova, som tidlegare var ei sjølvstendig nettside, er i dag ein del av kulturnettet. Kontakt oss

Korleis bidra?

Kulturnett Sogn og Fjordane er både ei nettside og eit nettverk. Vi ynskjer samarbeid med skuleverket, kommunar, næringsliv, lag, organisasjonar og privatpersonar  for å etablere den "digitale allmenningen". Ta gjerne kontakt om du har idéar til prosjekt eller ynskjer samarbeid knytt til digital kultur- og kunnskapsformidling.

Vi jobbar for å publisere innhald (tekst og bilde) som kan fritt nyttast under Creative Commons lisens CC-BY - sjå etter merking. For digitale objekt i Kultursøket må ein kontakte ansvarleg institusjon for avklaring om bruk. Kulturnett Sogn og Fjordane er bygd på open kjeldekode og fri programmvare (Drupal7).