Regionreforma

1. januar 2020 vert Sogn og Fjordane slått saman med Hordaland til eit nytt storfylke på Vestlandet: Vestland fylkeskommune.

Fylka har oppretta ein felles nettstad for samanslåingsprosessen: www.vlfk.no​. Der finn du til ei kvar tid siste nytt og oppdatert informasjon om samanslåinga.

Spørsmål og svar

Kva er bakgrunnen for fylkessamanslåinga?
I 2017 vedtok Stortinget ein regionreform som inneber at Noreg frå 2020 skal ha 11 fylke i staden for 19. Fylkesinndelinga skal vere betre tilpassa dei samfunnsutfordringane vi står overfor, og leggje til rette for ei styrka rolle som samfunnsutviklar for fylkeskommunen. Det tyder at nokre fylkeskommunar skal slåast saman til ein større fylkeskommune. Ein av desse blir 1. januar 2020 Vestland fylkeskommune, som skal bestå av det som i dag er Hordaland og Sogn og Fjordane.

Kva skal den nye fylkeskommunen gjere?
Fylkeskommunen skal framleis ha dei oppgåvane vi har i dag: vidaregåande skular, regional utvikling og planlegging, kultur, samferdsel, tannhelsetjeneste, folkehelsearbeid. I tillegg skal vi få fleire nye oppgåver. Desse er endå ikkje klare, men eit ekspertutval har føreslått nye oppgåver for fylkeskommunane på oppdrag for regjeringa. 

Oppgåvene skal utvide og utfylle fagområda der fylkeskommunane allereie i dag har eit ansvar. Dette kan til dømes vere innan næring, innovasjon og forsking, kompetanse, integrering, kultur, folkehelse, samferdsel, klima og miljø.

Kva er fellesnemnda?
Det er valt ei fellesnemnd med 24 fylkespolitikarar, 15 frå Hordaland og 9 frå Sogn og Fjordane. Dei skal bestemme alt som har å gjere med samanslåinga og organiseringa av den nye fylkeskommunen innanfor rammene Stortinget og regjeringa set. Korleis skal tenestetilboda organiserast? Korleis skal grafisk profil sjå ut? Kvar skal dei tilsette ha arbeidsstad?

Kva er arbeidsutval?
Arbeidsutvalet er eit operativt arbeidsorgan for fellesnemnda, og har fullmakt til å gjere vedtak i einskilde saker som ikkje er av prinsipiell karakter i samanslåingsprosessen. Utvalet består av åtte medlemmar frå fellesnemnda, fire frå kvart fylke.

Kva er partssamansett utval?
Partssamansett utval (PSU) er eit samarbeidsforum som behandlar saker som gjeld forholdet mellom fylkeskommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette. PSU består av både tillitsvalde og politikarar, og skal jobbe med personalpolitikken: alt frå arbeidsmiljø til tilsettforhold.

Tidsplan for samanslåinga

2014–2016

Juni 2014:
• Stortinget ber om gjennomgang av oppgåvene til fylkeskommunane parallelt med kommunereforma.
Desember 2015
• Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtek å starte dialog med tre andre vestlandsfylke
Mars 2016:
• Fylkesordførarar frå Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland sender brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet med krav om fleire oppgåver.
• Dei tre fylka møtes til «naboprat».
April 2016: 
• Regjeringa legg fram melding til stortinget om nye regionar.
• Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane vedtek å etablere ei politisk styringsgruppe og eit forhandlingsutval for vidare drøftingar om intensjonsplan med dei andre fylka.
Mai 2016:
• Open høyring om regionreforma i kommunal- og forvaltningskomiteen.
Juni 2016:
• Kommunal- og forvaltningskomiteen legg fram innstilling om nye folkevalde regionar – rolle, struktur og oppgåver.
• Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtek at fylkeskommunen forhandlar med Hordaland og Rogaland fylkeskommunar for å kome fram til ein felles intensjonsplan for samanslåing av fylkeskommunane innan 01.01.2020.
• Fylkesordførarane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har sonderingsmøte
August og september 2016:
• Intensjonsplanforhandlingar:
Møte 1: Bergen, 18.-19. august
Møte 2: Stavanger, 1.-2. september
Møte 3: Førde, 14.-15. september. Dei tre forhandlingsutvala vart samde om ein intensjonsplan for ein ny Vestlandsregion.
• Møre og Romsdal fylkeskommune held avklaringsmøte med Sør-Trøndelag og Oppland
Oktober 2016:
• Fylkestinget i Sogn og Fjordane legg 18. oktober intensjonsplanen ut på høyring frå 26. oktober til 23. november
• Fylkestinget i Hordaland legg 5. oktober intensjonsplanen ut på høyring frå 14. oktober til 30. november
• Fylkestinget i Rogaland legg 25. oktober intensjonsplanen ut på høyring
Oktober og november 2016:
• Høyringsperiode for intensjonsplanen
Desember 2016:
• Fylkestinget i Sogn og Fjordane fylkeskommune sa ja til at Sogn og Fjordane skal gå saman med Rogaland og Hordaland i Vestlandsregionen, med intensjonsplanen til grunn. Hordaland vil også gå vidare med planane om ein sterk vestlandsregion, medan Rogaland vil halde fram som eigen region inntil vidare. Hordaland og Sogn og Fjordane forhandlar vidare om ein ny intensjonsplan for å slå saman dei to fylka.

2017

1. kvartal

  • 02.02.17 (SF), 03.02.17 (H): Fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane sa ja til intensjonsplanen om samanslåing.

2. kvartal

  • 08.06.17: Stortinget handsama regionreforma og vedtok samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane.

4. kvartal

  • 27.10.17: Første felles fylkestingsmøte.
  • 18.12.17: Første, konstituerande møte i fellesnemnda for samanslåinga.

2018

1. kvartal

  • 19.01.18: Fylkesordførarane møter kommunalministeren saman med fylkesordførarane i Rogaland og Møre og Romsdal om namnet på det nye fylket.
  • 29.01.18: Første møte i arbeidsutvalet.
  • 15.02.18: Første møte i partssamansett utval.
  • 08.03.18: Fellesnemda vedtek budsjett for samanslåingsprosessen.
  • 08.03.18: Fellesnemnda vedtek kommunikasjonsplan for samanslåingsprosessen.

2. kvartal

3. kvartal

  • Prosjektleiar/ny fylkesrådmann tiltrer.
  • Godkjenne reglement, delegering m.m. for politiske organ.

4. kvartal

  • Vedtak om nytt fylkesvåpen.

2019

1. kvartal

  • Starte prosessen med å tilsetje administrativ toppleiing.
  • Tilsetje/innplassere andre leiarar.
  • Starte arbeidet med budsjettet for 2020 for den nye fylkeskommunen.
  • Fysiske/bygningsmessige tiltak.
  • Få på plass revisor og sekretariat for kontrollutvalet.

2. kvartal

  • Endeleg fastsetjing av administrativ organisering.
  • Innplassering av alle tilsette.
  • Lokalisering av funksjonar.

3. kvartal

  • 09.09.19: Val av nytt fylkesting.

4. kvartal

  • Nytt fylkesting avløyser fellesnemnda.

2020

1. kvartal

  • 01.01.2020: Ny fylkeskommune i drift.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713