Sagaløypa_1024x768

Sagaløypa – eit innblikk i fortida

Vi har alle høyrt ei og anna historie om stadane som betyr noko for oss. Det som har skjedd før er med å forme staden slik som den er i dag. Kvar stad har sine særtrekk som gjer den litt annleis enn andre stadar. Sagaløypa som opnar 21. juli, tar deg med gjennom Nordfjordeid si kulturhistorie og gjev deg eit innblikk i fortida.

19. juli 2016

Nordfjordeid har ei rik kulturhistorie med fleire spor etter levde liv. Sagaløypa har blitt til for at folk skal få eit innblikk inn i fortida. Trehusmiljøet i Eidsgata og Tverrgata er frå vår nære fortid, medan klyngetunet på Myklebust og gravhaugane der vitnar om busetjing over mange tusen år og eit maktsenter i vikingtida.

I 2014 vart tre område på Nordfjordeid tekne med i Riksantikvaren sitt NB!-register over nasjonalt verneverdige by- og tettstadmiljø. Dette var Myklebustgarden med gravhaugar frå vikingtida, trehusmiljøet i Eidsgata og Tverrgata frå nyare tid og eksersisplassen, som var landets første militære øvingsplass.

Arbeidet med Sagaløypa tok til etter at Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2011 oppmoda kommunane til å spele inn aktuelle tiltak til ein felles plan for fylket. Eid kommune spelte då inn Sagastad med gravhaugane på Myklebust som eit aktuelt tiltak. Tiltaket vart prioritert av fylkeskommunen som eit stort prosjekt med høg grad av tilrettelegging.

Eid kommune søkte på midlar frå BARK-programmet (bevaringsprogram for utvalde arkeologiske kulturminne og kulturmiljø ) og vart prioritert av fylkeskommunen for søknad om midlar til prosjektet i 2015. Fylkeskommunen sin søknad vart våren 2015 imøtekomen med omsøkt beløp, kr. 466.800,-.

Det praktiske arbeidet med Sagaløypa vart gjennomført hausten 2015 og våren 2016, i eit samarbeid mellom Eid kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Prosjektet omfatta både formidling og tilrettelegging for å gjere kulturhistoria tilgjengeleg for publikum.

Sagaløypa startar det planlagde Sagastad som skal vere eit opplevelessenter om vikingitda. Sagastad skal ha ein rekonstruert fullskala versjon av det brente vikingskipet som var funne i gravhaugen Rundehogjen på Myklebust. Sagaløypa fortsetter forbi Eid kyrkje, gjennom Eidsgata og Tverrgata, forbi gravhaugane og gardstuna på Myklebust og endar opp på toppen av Lunden.

Frå start til slutt er løypa om lag 1,5 km i lett terreng. Langs løypa er det sju informasjonsskilt og fleire stadar ein der ein kan setje seg ned å nyte kulturmiljøa og landskapet. På skilta er det nytta QR-kodar slik at du også kan følgje løypa på eigne nettsider via www.eidinviterer.no.

Velkomen til opning av Sagaløypa og Sagaparken på Nordfjordeid 21. juli 2016.

 

Biletfil av skilt frå Sagaløypa

 

Kommentarer