Skulevegen, Nybø Skule, Leikanger ca 1980. Foto Åsmund Espe

Nybø Skule, Leikanger ca 1980. Foto Åsmund Espe

Skuleminne

Om ikkje lenge skal eg på jubileum med ungdomsskuleklassen. Eller reunion som ein gjerne seier. Når eg tenkjer på dei eg gjekk i klasse med ser eg føre meg frisyrane, kvisene, dei alt for store jakkene og dei alt for korte toppane. Eg hugsar utflukter, lærarar, intriger og klassefestar. Eg hugsar friminutta og samtalane på veg til og frå skulen. Andre hugsar sikkert ikkje det same som meg, men eg er ganske sikker på at alle har minner frå skuletida.

Skuletida er noko vi har eit forhold til og som har prega oss på ein eller annan måte. I arkiva finn vi ofte informasjon frå skulestyre og frå skulen ved rektor eller lærar. Informasjon om fag, karakterar, elevtal, fråvære og liknande er dokumentert. Men kva med resten? Friminutta, skulevegen og relasjonar mellom elevar og lærarar. Korleis skal vi ta vare på desse minna for framtida? Dette er ein del av kulturarven vår som ligg i kvart menneske og som må hentast ut, skrivast ned, skildrast og vernast om det ikkje skal gå tapt.

Eg jobbar for tida med å kartlegge og samle skulehistorie, og ein ting som slår meg er kor mykje og kor detaljert folk hugsar frå skuletida. Når folk som gjekk på skule i første halvdel av 1900-talet kan ramse opp namn på lærarar og medelevar blir eg imponert. Eller når ein mann på 90 år kan gjengi timeplanen i småskulen fag for fag. Eg må innrømme eg slit med å hugse slike detaljar. Men samtidig hugsar eg veldig godt fellestannpussen med fluor, eller parfymen lærarinna brukte.

Eg meiner at ein del minne frå skuletida kan vere viktige bidrag til den samla skulehistoria. Kanskje er ikkje parfymen til lærarinna mi spesielt spennande for ettertida, men minner om felles tannpuss i skulegarden meiner eg er ein del av skulehistoria som bør takast vare på og vidareformidlast. Ikkje berre at det skjedde, men korleis det var. Det same gjeld leik i friminutta. Gjer ungar i dag det same som vi gjorde på i friminutta? Kva med mine foreldre, eller besteforeldre, korleis var friminutta deira?

I skuleprosjektet har eg fått høyre om ein del av det dei dreiv med i friminutta før i tida. Blant anna kunne elevar sigle på isflak ned elva på vinterstid, konkurrere om å sykle fortast mogeleg rundt skulehuset, skyte med sprettert og leike ulike leikar i skulegarden - leikar som eg ikkje kjenner igjen frå min barndom.

Kva minner har du frå skuletida? Er det noko du meiner dei som veks opp i dag burde vite om?

Les meir om skuleprosjektet og om korleis du kan bidra på www.sfj.no/skulen-min

Kommentarer