Bilete av Anne Malin Aase

Som seg høg og bør

Eg burde stått opp tidlegare. Eg burde kanskje ikkje lagt ut det bildet. Eg burde ikkje ha ete den sjokoladen etter frukost. Eg burde tatt meg ein joggetur. Eg burde jobba litt meir no når eg først har fri.

Alle desse tankane har gått gjennom hovudet mitt siste timane. Tolka med lupe er dei ganske ironiske og tvetydige. Vrir eg om, var det veldig deilig å sove litt frampå. Eg var greitt fornøgd med bilde eg la ut. Sjokoladen smakte veldig godt. Joggeturen kan eg alltids ta igjen. Det er digg med litt fri når eg har ferie. Men det er lettare sagt enn gjort.

Eg har tatt meg sjølv i å bli eit burde-menneske. I dei siste månadane har det gått sport i det. «Styggen på ryggen» har ikkje alltid rett, men det er vanskeleg å ikkje høyre på han når ein bør gjere både ditt og tatt. Det er veldig dumt at eg går glipp av mange fine studer fordi eg «burde.burde» eller enda verre berre fordi tankane mine flyg i fei retning. Om du er som meg er dette lettare sagt enn gjort, men det skadar ikkje å prøve.

No skal eg ta ein «tigergutt» dei neste dagane. Hoppe rundt og ta det slik som det kjem på min veg. Sjå muligheiter, samle fine augeblikk og prøve å ikkje tenke på "burde".

Dessutan, tygg på ordet "burde", det gjev inga meining... 

Kjenner du deg igjen?

Håpar du får ei flott "tigergutt-helg"!

Anne Malin sin blogg: annemalinaase.blogg.no

Kommentarer