Tenester

Audioguide

Audioguide er ei teneste der du kan laste ned lydfiler om kulturminner i Sogn og Fjordane og kopiere til din eigen MP3-spelar, PDA eller mobiltelefon. Filene er i MP3-format og er nummerert i samsvar med informasjonspunkt på staden du vel. Gå til Audioguide

Kulturhistorisk Leksikon

Kulturhistorisk Leksikon er eit oppslagsverk med forfattarar frå Fylkesarkivet, Musea i Sogn og Fjordane og andre som arbeider med lokalhistorie i kommunane. Artiklar som er knytte til stader er også tilgjengeleg via Fylkesatlas under temaet "Kulturminner og attraksjonar". Søk i Kulturhistorisk Leksikon

Gardsleksikon

Soga om gardane og buplassane er og ein viktig del av soga til folket som har budd i fylket. Gardsleksikon inneheld eit oversyn over alle matrikkelgardar i fylket. Gardsnamna er skrivne i samsvar med Statens Kartverk sine vedtak. Mange viktige historiske kjelder, som folketeljingar, matriklar med meir vart organiserte etter matrikkelgardane. Gardsleksikonet er koplingar mellom gardsregisteret og dei ulike kjeldene som omtalar gardane og bruka. Søk i Gardsleksikon

Søk i oppslagsverk

Vi har laga ei teneste der du kan søkje i Wikipedia (både bokmål og nynorsk), LokalhistorieWiki og NRK sitt Fylkesleksikon på same tid. Gå til Søk i oppslagsverk

Søk i arkeologiske samlingar (beta)

Her kan du søkje i arkeologiske funn i heile Norge.  Data vert henta frå Universitetsmusea i Norge som kvart år gjennomfører eit stort antal arkeologiske utgravingar. Dei fleste objekta i samlingane stammar frå denne aktiviteten. Tenesta er under utvikling. Søk i arkeologiske samlingar