bilar, sykkel og kyr på vegen.

Trafikkkork i Sentral-Amerika. Kyle Messier

To syklar, eit kamera og mange kunstverk

1.oktober 2014 set Jaryd seg på sykkelen. I Calgary, Alberta, i Canada møter føtene hans pedalane i dei første trakka mot målet. Han skal sykle til Argentina. I lomma har han 1800 dollar. I ryggsekken ein lidenskap for kunst og grafitti. Det er hans handelsvare.

Jaryd rakk ikkje å stå på snowboard i Chile dette året, slik han hadde tenkt. Til det var vegen for lang, kunstprosjekta for store og Sentral-Amerika for vakkert til å suse gjennom utan stopp. I midten av januar, halvanna år etter han såg Canada sist, klatrar han saman med kompisen Kyle opp bakkane til eit hostell i fjella i Panama, midt imellom Atlanteren og Stillehavet. På hostellet i skoddeskogen er vi òg desse dagane.

indigo.jpg

Lilla netter i Latin-Amerika. Foto Kyle Messier.

Reisa er ein endelaus straum av menneske. Nokre flyt ut av hukommelsen så fort dei er ute av syne. Andre finn seg ein plass i bevisstheita di i vekesvis etter vi har reist kvar vår veg. Kyle og Jaryd er av den siste typen.

Vi får høyre historia deira mellom jungelvandring, kortspel og generelt fjas. Dei er vagabondar. Menneske som ikkje har ein heim, men reiser eller blir der det passar dei. Dei er Alexander Supertramp, og vi let oss inspirere.

Vi spøkte om å reise for lenge sidan. I juni 2014 bestemte eg meg. Eg skal sykle til Argentina. I oktober berre stakk eg. - Jaryd Clifford Adair

Jaryd jobba seg nedover frå Canada. Malte veggar, logoar og bilder. Bytta for mat og husly, solgte for nokre dollar her og der. I oktober hausten 2015 sat kompisen Kyle heime i Canada og talde på knappane. «Whatever man, I'm going too», endar han med, let jobben i sykkelbutikken fare og klemmer hunden Loki farvel.

Transportettappane når ein syklar Amerika frå topp til botn kan bli lange og varme. Dei syklar ein arbeidsdag på åtte timar, ofte på motorvegen med vegstøv og dragsuget frå bussar og lastebilar som susar forbi. Dei kan lett sluke 120 kilometer på ein dag, om vegen er flat og beina ikkje går i lås.

Vi skal til Argentina, kanskje forbi. Eg ser ikkje meg sjølv reise heim. - Kyle Messier

«For meg handlar det om turen. I just like to ride my bike. Og det er fett å vere rundt ein inspirerande person som Jaryd», fortel Kyle.

Kameraet er, etter Jaryd, Kyle sin viktigaste følgesven. Han tek bilde og lagar postkort, målet er å lage ei fotobok han kan selge. Kyle trudde ikkje han hadde ein plass i kunsten. På reisa er han blitt kunstlærling hos Jaryd, og er gira på det å vere kreativ.

«I San Juan del Sur i Nicaragua endra alt seg. Det kickstarta. Vi lagde postkort og malte veggar, vi var der i fleire månadar. Vi teama opp med ein lokal skule for å male ein mur og renske opp området rundt. Desse små ungane for heim og henta machetar, og gjekk laus på krattskogen som galningar. Når det var ferdig ville dei male, og vart rastlause når det tok tid å vaske veggen ferdig. Vi lot dei gå bananas på ein forlatt pickup som stod der. Når dei var ferdige var ungane og bilen grønne frå topp til tå. Og ikkje ei mor kom for å klage! Etter denne dagen kom ungane og viste oss bilder dei hadde laga heime. Det var ei fantastisk oppleving.»

Grafitti på vegg.

Veggen Jaryd og Kyle malte i San Jan del Sur i Nicaragua. Foto: Kyle Messier.

Kunsten og bilda er Kyle og Jaryd sin valuta. Dei deler, byter og gir til folk dei møter. Dei har aldri gått svoltne på reisa. Kanskje på grunn av sin enkle livsfilosofi: Dei er i ein posisjon der dei har moglegheita til å dele, så då gjer dei det. Og får ufatteleg mykje igjen.

Kyle og Jaryd pakkar telt og sekkar på syklane, og når sola og fuglane vaknar er dei vekke frå hostellet i Skoddeskogen. Vi har fått postkort av bilda til Kyle og eit «takk for at de var ein del av vår historie» til avskjed. Eg seier som Kyle med kameraet:

Dette er eit eventyr som er verdt å dokumenterere.

Kyle og Jaryd.jpg

Kyle og Jaryd. Foto Kyle Messier

Sigrid sin blogg: norwegiantravellerblog.wordpress.com

Kommentarer