Bilete frå øya Careneras i Panama

Ufrivillig dusj i plastparadis

Kva solfaktor går vi for i dag? Det er dagens største utfordring. Svaret er som regel 30. Vi er utan konkurranse dei kvitaste, norskaste kroppane på heile øya. 

Øya er Careneras, og ligg i Bocas del Toro lengst nord på Panama sin karibiske kyst. Her er problema få og tempoet lågt. Det er kvit sand, palmetre, blått hav og blå himmel. Bortsett frå når det regnar kattar og hundar og Kjosfossen i hovudet på oss. Og det veit vi alt om etter denne dagen!

Planen for føremiddagen var å gå rundt øya (ein times henslengt rusling), og på vegen finne ei fin og einsam strand. Vi var komne halvvegs då nokre regndropar landa på våre uvitande hovud. Dei få dropane vart til fleire, til det bøtta ned med større trykk enn du får i dusjane her i området. Palmeblada vi gøymde oss under fungerte omtrent like godt som ein Mille-paraply i Bergen. Dei som har prøvd seg på det veit kva eg snakkar om.

forsøpling på Carenas.pngTropisk regn går over like fort som det startar, vi vart klissblaute og sikkert reinare enn vi har vore på nokre dagar. Men det var ikkje regnet som kverna i hovudet etter turen. For langs dei kvite strendene ligg det søppel. I store mengder. Ein blå bruskasse her, ein raud ølboks der. Ein gammal badeball, nokre gjengløymde flipfloppar og bitar av tau og hyssing bryt med den kvite sanda. Sjølv på den sida av øya der ingen bur ligg det strødd langs vasskanten. Det har kome med bølgene, frå andre øyer eller land. I dette området var det lenge eit problem at utbygginga til turistindustrien og folka som kom med den gjekk fortare enn utbygging av kloakk- og søppelsystema. Dette er ei pittelita øy. Ein mikrodel av all kysten og alt havet som må ta imot det vi menneske kastar i frå oss. Millionar av tonn med plast flyt rundt i havet. Alt søppelet vi såg på denne vesle øya i Panama er ein så forsvinnande liten del, men nok til å gjere ein kvar motlaus.

Det er også dette som gjer at eg gler meg til å vere ein del av mannskapet på eXXpedition Caribbean om ein månad. Då skal vi diskutere, lære om og forske på problemet med plastforureining i hava, og kanskje finne løysingar heller enn motløyse?

Enn så lenge er det fleire øyer som ventar på å bli utforska. Hald følge!

Sigrid sin blogg: norwegiantravellerblog.wordpress.com/author/sigridskjerdal/

Kart

Kommentarer