Jostein  Vedvik

Ung då og no

Tida har endra seg, vi lever i ei verd vi ikkje skulle tru var mogeleg. Vi kan «snakke med kvarandre» utan å snakke. Vi har ”alt” vi skulle trenge, som for eksempel lykt, kamera, brev, avis, platespelar og mykje anna i ein liten ”dings” vi ikkje klarar oss utan. For å tene store summar med pengar treng ein ikkje lenger å slite seg ut: faktisk er det nok med å skrive om kvardagen din på nett. No kan du sjå deg sjølv utan å bruke ein spegel, sende brev gjennom lufta, og ikkje minst kome deg frå ein stad til ein annan med stor tilgang på varierte køyretøy. 

Slik har dei fleste ungdom det i dag, og vi har lært oss å tru at vi er frelst, men er vi verkeleg det? Er verkeleg livet no betre og enklare enn korleis livet til ein ungdom på 50 talet var?

fotball_i_støvlar.jpg

Eg slo av ein prat med besteforeldra mine, og eg spurte dei om korleis ungdomslivet var då dei var unge på 50/60-talet. Responsen var kjapp, og det første farmor påpeika var at dei ikkje hadde TV, data eller mobil, og at dei dermed ikkje var tilgjengeleg på nokon måte etter skuletid: med mindre ein møtte opp på døra. I nokre sekund synast eg litt synd i dei som levde ungdomstida utan mobil og data. Det er jo ein gåve frå gud, som gjer livet mykje lettare! No kan både foreldre og born få kontakt med kvarandre når som helst, om det skulle vere noko.

Farmor er ikkje like eining om at livet har blitt enklare, og prøvar å gje meg eit nytt perspektiv. ”Eg saknar tida utan dette tullet. Eg saknar tida då ungdom var ute å leika i staden for å sitje framfor ein skjerm. Eg saknar då det ikkje var noko avansert teknologi rundt oss”. No blei farfar også engasjert i dette temaet, og kom inn i rommet. ”Visste du at dersom vi skulle på besøk til ein venn, måtte vi sykle eller gå? Trass den lange vegen, var ikkje det det største problemet: for om ein kom fram og vedkomande ikkje var heime, måtte ein gå heile vegen tilbake. Tid og stad blei avtalt på skulen, og stort sett fungerte det veldig bra”. Eg ser med usikre auge på dei, og tenkjer eg aldri ville orka å gå så langt, for å deretter finne ut at personen ikkje er heime og returnere. ”Det finaste må vere at ein alltid var fysisk til stades, i motsetning til no. Eg hugsar alle reaksjonane, tenk så mykje meir personleg alt var”.

ungdom_mobil_data.jpg

Økonomi kunne også vere eit problem for mange: det var ikkje så lett som å gå inn på ein butikk med søknad og tene godt. Før måtte ein slite for pengane, og ta den jobbe ein kunne få. Ei kveldsvakt kunne gå ut på å fylle fire stampar med line som ein legger agn på. For kvar stamp fekk ein 4 kroner, og ein rakk gjerne berre 3-4 i løpet av ein kveldsvakt. 16 kroner var det ein fekk: det var ikkje mykje pengar, men ein sa seg nøgd med det. I dag kan ein ungdom tene opptil fleire hundre på ei kveldsvakt.: Men det skal også seiast at ting kostar meir no enn før. Tidlegare fekk ein gjerne ikkje lommepengar frå foreldre heller, no får dei fleste i alle fall nokre hundre kroner kvar månad.

”Livet høyrast litt vanskeleg ut, eller kva Jostein?” Spør farmor, og eg nikkar. ”Vi hadde det veldig kjekt også, det skal du vite. Vi opplevde ting dei fleste ungdom i dag ikkje vil oppleve. Medan vi den gong gjekk på ski og aka ned fjellsidene i juleferien, sit ein no framfor ein TV-skjerm i timesvis. Medan vi den gong spelte fotball med gummistøvlar, da det var for dyrt med fotballsko spelar ein gjerne ikkje fotball no om ein ikkje har det riktige utstyret. Ro-turar, og tau-leik er no erstatta med andre ting. Ungdom no har det sikkert heilt toppers, men dei veit ikkje kva dei går glipp av, for dei veit ikkje nok om korleis livet var før, og kva vi brukte tida til. Eg trur at sjølv om ei ny verd har opna seg for dagens generasjon med unike moglegheiter som dei fleste følar seg frelst over, så går dei glipp av utruleg mykje lærdom av å ikkje vere saman fysisk, og å ikkje streve for det dei vil ha”.

Denne teksten er basert på kva mine besteforeldre som vaks opp på 50/60 talet hadde opplevd. Skilnadane er store og mange, men her var dei som beit seg hardast fast i meg.

Jostein sin blogg: vedvikphotography.wordpress.com

Kommentarer