Bilete av Michael og Kari Standal Pavelich, Jenny Følling og Alfred Bjørlo.

Michael og Kari Standal Pavelich, Jenny Følling og Alfred Bjørlo. Foto: Øystein Torheim/Opera Nordfjord

Gratulerer med 20-årsjubileet, Opera Nordfjord

At Opera Nordfjord har gått så det susar i tjue år er ingenting anna enn imponerande. 

Tjue år med årlege operaførestillingar på øvste hylle er ikkje noko mindre enn eit eventyr. At vi i tillegg har fått til eit eige operahus i på Nordfjordeid, er unikt. Historia om operahuset og oppbygginga av Opera Nordfjord fortener si eiga førestilling. 

Opera Nordfjord ein  sentral kulturinstitusjon i Sogn og Fjordane. Nasjonalt er det ein av dei mest attraktive og aktive distriktsoperaene i landet. Opera Nordfjord har  ei "heimebane" som det ikkje finst maken til i Noreg - utanfor Operahuset i Bjørvika i Oslo. Opera Nordfjord har eit stort nedslagsfelt, både i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Eg vil spesielt trekke fram  trekke fram det gode samarbeidet fylkeskommunen har med Opera Nordfjord, både med den vidaregåande skulen på Eid, og med distriktsmusikarane våre. Arbeidsoppgåvene til distriktsmusikarane omfattar hovudsakleg undervisning i kulturskulen og utøvande konsertverksemd, og har oppdrag i «Den kulturelle skulesekken». Distriktsmusikarane er òg ein verdifull ressurs som har spisskompetanse for musikklivet i fylket. Dei stiller til rådvelde inntil 10 dagar pr. semester til større konsertprosjekt. Og nettopp Opera Nordfjord er eit av dei større prosjekta for musikklivet i fylket. For våre profesjonelle og dyktige musikarar er eit slikt musikalsk avbrekk viktig. Eg vonar dette samarbeidet er gjensidig.

Det er i år tjue år sidan draumen Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich bar på, tok av og fekk venger å fly med. Akkurat no ser du denne draumen, du høyrer han, du er inne i han, du sit i han. Mellom desse veggane ser og sansar vi resultatet av store visjonar og hardt arbeid. Vi ser kva kunstnarisk ekspertise og profesjonelt frivillig dugnadsarbeid kan leie fram til.

Det gleder meg, som fylkesordførar i kulturfylket Sogn og Fjordane, å oppleve operaførestillingar av først klasse. Eg synest det er spesielt kjekt at førestillingane samlar kulturentusiastar ikkje berre frå Nordfjord, men frå heile Sogn og Fjordane. Og mange kryssar også fylkesgrensa for å få med seg førestillingar ved Opera Nordfjord. Ingenting er vel meir passande enn eit grenseoverskridande publikum til ei førestilling som sprenger grenser kvart einaste år der vi kan nyte kvar tone og kvart inntrykk.

Magi vert skapt i skjeringspunktet mellom profesjonelle og lokale aktørar. Kulturelle opplevingar som vekkjer så mykje merksemd nasjonalt, at dei finn vegen til operahuset i hovudstaden i Bjørvika.

Eg vil igjen takk for alle dei fantastiske opplevingane Opera Nordfjord har gitt publikum gjennom desse 20 åra. De har gjeve liv og innhald i kulturkommunen Eid. De har gjeve inspirasjon til mange unge artistar som hevdar seg nasjonalt både i stjernekamp og junior MGP. Det gror stjerner i Opera Nordfjord sine fotspor. 

Gratulerer med dagen!

Kommentarer