Frå utgravinga ved Scara Brae, Foto Tom Kent. Kjelde: Orkney Library & Archive.

Frå utgravinga ved Scara Brae, Foto Tom Kent. Kjelde: Orkney Library & Archive.

Kvinner i arkeologi og sosiale medium

I dag er det ingen som stussar på at kvinner er ute og grev i jorda for å avdekke spor etter folk og kulturar. Kvinnelege arkeologar finn ein både på kontor og ute i felten. Men då eit foto frå ei arkeologisk utgraving i Skottland frå 1929 vart delt på Twitter nyleg, starta dette ein diskusjon om kvinner i arkeologien gjennom tidene.

Kvinnene som er avbilda har fram til no vorte identifisert som turistar eller besøkande. Dette til tross for at ei av kvinnene held ei graveskei i handa, eit typisk verktøy for arkeologar.

Professor Dan Hicks delte dette biletet på Twitter, og i etterkant av dette har kvinnene på desse bileta vorte identifisert som kvinnelege arkeologistudentar. Tre av fire kvinner vart seinare arkeologar. BBC skriv om denne saka, og stiller spørsmål ved kvifor kvinnene har forsvunne frå historia? 

Kva er det som gjer at alle har vore så raske med å konkludere at desse kvinnene var passive tilskodarar? Historia vår har som kjend vorte formidla av dei som har hatt makt i samfunnet, og det har i mange år vore menn. Oxford-professoren som først delte biletet på Twitter, seier at folk har gravd i arkeologien si eiga historie for å avdekke identiteten til desse kvinnene. Han hevdar vidare at det å oppdage kvinner som har vorte skrivne ut av arkeologien si historie, og innsjå deira rolle både i konkrete feltarbeid og i utviklinga av arkeologien som fagdisiplin, er veldig viktig.

_106107024_skarabraewomenwomenontheplatform.jpg

_106107212_skarabraefourwomenorkneyarchiveedit.jpg

Bileta ein del av samlinga til Orkney Library & Archive, og fotograf er Tom Kent (1863-1936). Bileta har falt i det fri og kan nyttast fritt. For bilete i betre kvalitet kan ein ta kontakt med Orkney Library & Archive. 

Les BBC-artikkelen: Skara Brae women archaeologists who were written out of history.

Kommentarer