To personar scannar gamal protokoll i bokscannar, og brukar ein ipad til å sjekke resultatet.

Foto: Sigrun Espe/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane (cc by-sa)

Ny arkivlov på trappene

Utkast til ny arkivlov kom i april i år. Målet er at den nye lova skal ta betre vare på og styrke rettane våre som borgarar ved blant anna å sikre dokumentasjon for det som skal inn i arkiva og korleis bruke arkiva.

Å ha lovverket i ryggen når vi skal ta vare på samfunnsdokumentasjonen vår er meir enn viktig. Vi får no eit moderne og oppdatert lovverk.

Todelt føremål

2. april i år overleverte Arkivlovutvalet si utgreiing, «Frå Kalveskinn til datasjø – Ny lov om samfunnsdokumentasjoner og arkiver». Lovframlegget legg opp til endringar som tek betre vare på og styrkar rettane våre som borgarar. Det eine føremålet med lova er å sikre den dokumentasjonen som med tid og stunder skal inn i arkiva våre. Det andre er knytt til bruk av arkiva. Eg ser denne todelinga som fornuftig.

Lovfesta ansvar for formidling og tilrettelegging

Lova skal leggje til rette for å utvikle kunnskap om kulturarven vår, kulturelt mangfald og grunnleggjande samfunnsforhold. Vidare skal lova leggje til rette for vitskapeleg forståing og anna gransking, og til sist, men ikkje minst, skal lova leggje til rette for at enkeltpersonar og grupper skal kjenne si eiga historie og eigen kultur.  Lova strekar med dette under ansvaret for formidling og tilrettelegging. Ho lovfestar no det som har vore fylkesarkivet si rettesnor for arbeidet med arkiv heilt frå vi starta opp i 1983. Målet vårt har vore at arkiva skal brukast av flest mogeleg, og at breidda av brukarar skal vere størst mogeleg. Slektsgranskarar, studentar, skuleelevar, dei som ynskjer personretta arkivmateriale og så vidare, er alle like viktige brukarar.

Ansvar for regionalt viktige privatarkiv

Eit mantra innan arkiv og samfunnsdokumentasjon er å oppnå best mogeleg balanse mellom dei arkiva som er offentleg og privat skapte. Det er difor ekstra gledeleg for ein fylkesarkivar å lese det som står om privatarkiv i lovteksten. Her får Nasjonalarkivet ei nasjonal koordineringsrolle, medan fylkeskommunen får ansvar for å koordinere arbeidet med private arkiv av regional verdi. Fylkeskommunen får også ansvaret for langtidsbevaringa av private arkiv av vesentleg regional verdi. Dette er noko vi har over 30 års erfaring med i Sogn og Fjordane. Dette er ein god og viktig modell for å ta vare på samfunnsdokumentasjonen på ein mest mogeleg representativ måte. 

Den tydelege geografiske avgrensinga gjer at ein lettare vil kunne spele på lokal og regional stoltheit. Sett i lys av at vi om under eit år går inn i ein større region og vert Vestland fylkeskommune, vil vi no med lova i hand kunne fokusere på den delen av kulturarven som bind vestlendingane saman, samstundes som den viser det lokale mangfaldet. Med denne modellen får ein teke vare på og vist fram både det lokale, regionale og det nasjonale perspektivet i samfunnsdokumentasjonen.

Teksten er publisert i Kjelda nr. 1 2019.

Kommentarer